Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1836 (2018-2019)
Innlevert: 12.06.2019
Sendt: 12.06.2019
Besvart: 19.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): Norheimsund i Kvam kommune har hatt ambulerende tjenester for Vegvesenets TK-tjenester (førerprøve, lett) og har vært svært tilfreds med dette. I forslaget til ny tjenesteleveransemodell og tjenestestruktur på TK-området foreslås det at denne tjenesten opphører.
Vil statsråden legge vekt på kommunens holdning, at tilbudet i dag er rimelig og at det er miljømessig dårlig løsning med nedleggelse?

Begrunnelse

Kvam formannskap vedtok i sitt møte 5.6.2019 en anmodning til Samferdselsdepartementet. Her skriver de blant annet følgende:
«Kvam formannskap ber Samferdselsdepartementet oppretthalda det ambulerande tilbodet for førarprøver for lette klassar i regionsenteret Norheimsund….
Tilbodet er svært viktig å oppretthalda for dei to vidaregåande skulane i kommunen, som til saman har i underkant av 600 elevar. Tilbodet er òg viktig for Kvam herad som kommune. Elevar vil gjerne køyra der dei skal ha førarprøve, noko som kan gå ut over attraktiviteten til dei vidaregåande skulane og lokale arbeidsplassar. I tillegg er det ein fare for at nokre vil velja ei meir intensiv opplæring, som vil vera i strid med mål i læreplan og for nullvisjon».
Det vises også til at det virker selvmotsigende når tilbudet i Norheimsund foreslås nedlagt samtidig som det i oppdraget står skrevet:
«For å opprettholde et godt tjenestetilbud i hele landet for slike tjenester skal det derfor foreslås kompenserende tiltak, som for eksempel ambulerende tjenester, dersom ny tjenestestruktur innebærer vesentlige endringer i reisevei for publikum.»

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Statens vegvesen leverte 20. mai sitt forslag til lokalisering av einingar og tenestestader i ny organisasjon. Dette inneheld òg forslag til ny tenestemodell og –struktur for trafikant- og køyretøyområdet.

Brukarane sine behov, gode og robuste arbeidsmarknader i heile landet, kostnadseffektivitet og kvalitet i tenesta er bland vesentlege omsyn som skal takast i vare i denne samanheng. Statens vegvesen sitt forslag vil no bli vurdert grundig før det blir tatt noko avgjerd i saka.

Like viktig som raske avklaringar er det for meg å gjere grundige vurderingar av konsekvensar for innbyggarane. Regjeringa er oppteken av at tilbodet til brukarane av tenestene skal være best mogleg. Vidare arbeid for digitalisering, og ikkje minst muligheiter for ambulerande tenester må tilleggas vekt i desse vurderingane. Eg vil avklare desse spørsmåla så snart eg er trygg på at tenestetilbodet til brukarane er godt ivareteke.