Skriftlig spørsmål fra Bjørnar Moxnes (R) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1851 (2018-2019)
Innlevert: 13.06.2019
Sendt: 14.06.2019
Besvart: 21.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Bjørnar Moxnes (R)

Spørsmål

Bjørnar Moxnes (R): Kan samferdselsministeren redegjøre for kostnadene knyttet til innkreving av bompenger for å finansiere utbedring av riksveg 36 langs Seljordsvatnet i Telemark, deriblant etablering, administrasjon, renter og hvor mye som er beregnet å gå til gevinst for det aktuelle bompengeselskapet?

Begrunnelse

Torsdag 6. juni kunne Telemarksavisa fortelle at de totale kostnadene for fullfinansiering av utbedringen av riksveg 36 langs Seljordsvatnet i Telemark ender på nesten 400 millioner kroner. Imidlertid koster det kun 264 millioner kroner å bygge den tre kilometer lange veien. Den massive kostnadsøkningen kommer av at det vil koste 132 millioner kroner for å drive inn bompengene. Prosjektet blir dermed 50 prosent dyrere på grunn av bompengeinnkreving.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg syner til Prop. 113 S (2017-2018) og Innst. 47 S (2018-2019). Av proposisjonen går det fram at følgjande basisføresetnader er lagt til grunn for finansieringsanalysen:



• Lånerente: 5,5 pst. dei 10 første åra og deretter 6,5 pst.

• Årleg prisstiging: 2,0 pst.

• Årlege innkrevjings- og driftskostnader: 3 mill. kr

• Bruk av elektronisk brikke: Om lag 80 pst. av køyretøya i takstgruppe 1.



Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 15 år. Brutto bompengeinntekter er rekna til 396 mill. kr i 2018-prisnivå. Av dette er 264 mill. kr føresett nytta til investeringar, 86 mill. kr til å dekkje finansieringskostnader og 46 mill. kr til å dekkje innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet

I proposisjonen er det også rekna på eit optimistisk og eit pessimistisk alternativ. Dersom føresetnadane viser seg å ikkje stemme, til dømes ved lågare faktisk rente, vil dette sjølvsagt redusere bompengane som skal krevjast inn. Vi arbeider kontinuerlig for å redusere bompengane, derfor gjennomfører vi reformer i bompengesektoren som skal bidra til meir effektiv innkrevjing. Det er ikkje høve til å ta ut utbytte frå bompengeselskap.