Skriftlig spørsmål fra Sverre Myrli (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1847 (2018-2019)
Innlevert: 13.06.2019
Sendt: 14.06.2019
Besvart: 19.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Sverre Myrli (A)

Spørsmål

Sverre Myrli (A): I jernbanesektorens handlingsprogram for 2018–2029 er nytt hensettingsanlegg på Kongsvinger planlagt tatt i bruk i 2022.
Hva er status i arbeidet med hensettingsanlegg, sees dette i sammenheng med etablering av ny tømmerterminal og tilsving (banekobling) på Kongsvinger, og når kan det forventes at arbeidet med hensettingsanlegg starter opp slik at det kan stå ferdig i 2022?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Jernbanedirektoratet har gitt Bane NOR i oppdrag å utarbeida ein hovudplan for nytt hensettingsanlegg i Kongsvinger-området, og dessutan å greie ut ulike tiltak for gods i og kring Kongsvinger, mellom anna tømmerterminal og tilsving mellom Kongsvingerbanen og Solørbanen. Hovudplanen vart levert våren 2019, med ei anbefaling om eit nytt hensettingsanlegg langs Solørbanen. Denne banestrekninga får ERTMS i 2024. Dersom hensettingsanlegget skal byggjast på Solørbanen i 2022, slik tidsplana opphavleg var, vil det medføre eit nytt sikringsanlegg til ein betydeleg kostnad, som må rivast to år seinare. Difor vart tilrådd ibruktaking av hensettingsanlegget flytta til 2024 for å redusere investeringsbehovet. Utgreiinga av godstiltak skal leverast denne sommaren, og det vert då naudsynt å vurdere om dei to prosjekta er gjensidig avhengige av kvarandre, både i høve til areal og kostnader. Ved å sjå dei ulike tiltaka i samanheng, kan det være mogeleg å redusere investeringsbehovet ytterlegare.
Samstundes er det viktig å understreka at ei utsetjing av hensettingsanlegget ikkje vil leggja avgrensinga på eventuelle tilbodsbetringar. Vy skal hausten 2019 setja eit nytt Flirt-sett i trafikk på Kongsvingerbanen, slik at fleire avgangar kan køyrast med doble togsett. I den samanhengen skal hensettingskapasiteten aukast gjennom mindre tiltak på Kongsvinger stasjon.