Skriftlig spørsmål fra Ole André Myhrvold (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1936 (2018-2019)
Innlevert: 21.06.2019
Sendt: 24.06.2019
Besvart: 26.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ole André Myhrvold (Sp)

Spørsmål

Ole André Myhrvold (Sp): Vil statsråden, før eventuelt nedleggelse av Mysen trafikkstasjon, ta initiativ til å få beregnet de samfunnsøkonomiske og miljømessige kostnadene ved en slik avgjørelse?

Begrunnelse

Regjeringen har gitt Statens vegvesen i oppdrag å legge fram forslag til ny tjenestestruktur med mål om effektivisering og kostnadsbesparelser.
Dette forslaget ligger nå på statsrådens bord, og en avgjørelse er ventet snarlig.
Statens vegvesens rapport konkluderer med stort potensiale for effektivisering og store kostnadsbesparelser ved nedleggelse av en rekke trafikkstasjoner, blant annet Mysen i Indre Østfold. Det som derimot ikke er berørt i forslaget er konsekvensene for næringsliv og enkeltpersoner.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Statens vegvesen leverte 20. mai sitt forslag til ny tenestemodell og –struktur på trafikant- og køyretøyområdet.

Det er viktig at arbeidet med modernisering og reform av trafikant- og køyretøyområdet går vidare for å sikre ein meir effektiv ressursbruk i Statens vegvesen. Digitalisering er eit vesentleg bidrag i denne samanheng. Statens vegvesen er allereie godt i gang med eit omfattande digitaliseringsarbeid og dette arbeidet skal vidareførast.

Særleg for teneste som krev fysisk oppmøte på ein tenestestad er det likevel viktig at brukarane sine behov blir tatt omsyn til på ein gode måte gjennom eit landsdekkande godt tilbod. Eg har derfor bedt Statens vegvesen gjere ytterlegare vurderingar av avbøtande tiltak i områder der det blir lang reiseveg, før det blir tatt endeleg avgjerd om ny tenestestruktur. Denne regjeringa er opptatt av innbyggarane i heile landet og ønsker derfor meir informasjon om moglegheitene til å tilfredstille deira behov best mogleg.



Eg har mellom anna bedt Statens vegvesen vurdere:

• Auka bruk av ambulerande tilbod om praktisk førarprøve ved lang reiseveg

• Samordning med andre offentlege myndigheiter om teoretisk førarprøve

• Struktur opp mot dagens opplæringsstader for tungbil i vidaregåande skule

• Alternative løysingar for å oppfylle krav om avsperra område for praktisk førarprøve på motorsykkel



Eg har i tillegg bedt om ei nærmare fagleg grunngjeving for kvalitative minstekrav, mellom anna for førarprøvar, som Statens vegvesen har lagt til grunn for sitt forslag.

Statens vegvesen skal komme tilbake innan 1. november i år. Økonomiske og administrative konsekvensar skal inngå i vurderinga.