Skriftlig spørsmål fra Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1937 (2018-2019)
Innlevert: 21.06.2019
Sendt: 24.06.2019
Besvart: 01.07.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Spørsmål

Trygve Slagsvold Vedum (Sp): Hvorfor nekter statsråden å høre på de lokale ønskene og hvorfor vil ikke statsråden flytte bomstasjonen til kommunegrensa mellom Notodden og Kongsberg?

Begrunnelse

I 2015 begynte arbeidet med E134 på strekningen mellom Damåsen–Saggrenda. Det kom raskt fram at det skulle plasseres en bom vest for Kongsberg ved Saggrenda. Dette ville innebære at vel 70 husstander i kommunen, innbyggerne på Meheia, fikk en bomstasjon mellom seg og skoler, barnehager, butikk og arbeidsplasser i Kongsberg. Problemene dette ville skape for innbyggerne på Meheia gjorde at det straks ble igangsatt møter mellom kommunen, fylket og Statens vegvesen med tanke på å få flyttet bommen til kommunegrensa mellom Kongsberg og Notodden. Kommunestyret i Kongsberg har fattet vedtak som nettopp støtter dette. Notodden kommune motsetter seg heller ikke en slik flytting.
Til tross for en stort engasjement, med blant annet underskriftskampanje og fakkeltog, har ikke statsråden vært villig til å følge opp de lokale ønskene som ble uttrykt gjennom vedtaket i kommunestyret i Kongsberg.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Prosjektet E134 Damåsen – Saggrenda skal etter planen opne for trafikk i november 2019.

Bompengeopplegget for E134 Damåsen – Saggrenda vart vedteke gjennom Stortingets handsaming av Prop. 49 S (2014-2015) og Innst. S (2014-2015) i mars 2015. Det er lagt til grunn etablering av fire bomstasjonar med tovegs etterskotsinnkrevjing, to på ny E134 i kvar ende av den vel 13 km lange parsellen, ved Damåsen og Saggrenda, ein på eksisterande E134 ved Damåsen og ein på fv. 286. Ved handsaminga bad Stortinget om at regjeringa i perioden fram mot prosjektet er ferdig og i den første tida etter trafikkopning vurdera moglegheita for å redusere talet på bomstasjonar inkl. konsekvensane av eventuell trafikklekkasje på sidevegane som følgje av dette.



Kongsberg og Øvre Eiker kommunar og Buskerud fylkeskommune handsama våren 2018 innkrevjingssystemet for E134 Damåsen – Saggrenda på nytt, og gikk då inn for at den planlagde bomstasjonen på fv. 286 Grosvoldveien ikkje skal etablerast. I september 2018 handsama Kongsberg kommune saka enda ein gong, og gikk då inn for at den planlagde bomstasjonen på ny E134 ved Saggrenda blir flytta om lag 8 km vestover til kommunegrensa mot Notodden i Telemark.



Eg har over tid hatt dialog med både lokale styresmakter og Statens vegvesen med mål om å finne ein løysing som både er akseptabelt lokalt, men samstundes sikrar at vi kan følgje opp føresetnadene i Prop. 49. S (2014-2015) og bygge prosjektet som planlagd.



Dialogen er i sluttfasen og eg tek sikte på å orientere Stortinget på egna måte når ei endeleg avklaring foreligg.



Eg vil til slutt minne om at prosjektet har fått auka statleg bidrag gjennom tilskotsordninga for reduserte bompengar utanfor byområda. Tilskotet gir 10 pst. lågare takstar.

Dette er altså endå eit døme på prosjekt som har lågare bompengar enn Senterpartiet planla for når dei sat i regjering. Vi arbeider vidare med ytterligare grep som reduserer bompengebelastninga.