Kjersti Toppe (Sp): Kan helseministeren gjere greie for status for oppfølging av Stortingets fleirtalsmerknad og brev til stortinget frå helseminister datert 8.mai 2017 om Odda sjukehus, dok. 8:59 S og 8:93 S (2016-2017), Innst. 275 S (2016-2017)?
Begrunnelse
I følge helseminister Bent Høie sitt svarbrev til Stortinget datert 8. mai 2017 skal Odda sjukehus vere eit akuttsjukehus og kunne handtere situasjonar med akutte, alvorlege sjuke eller skadde pasientar. Kirurg og ortoped skal vere tilgjengeleg. Sjukehuset skal gjennomføre kompetansehevande tiltak og regelmessig trening. Helse Fonna skal utarbeide beredskapsplan i samarbeid med tilsette ved Odda sjukehus, med kommunane og øvrige aktuelle aktørar. Spørsmålsstellar vil vite om desse punkta er følgd opp og gjennomført.