Skriftlig spørsmål fra Ruth Grung (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1961 (2018-2019)
Innlevert: 24.06.2019
Sendt: 25.06.2019
Besvart: 01.07.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ruth Grung (A)

Spørsmål

Ruth Grung (A): I Granavold plattformen står det "At bom på sidevei som hovedregel skal unngås, med mindre det er nødvendig for å realisere prosjektet." På Stamveg prosjektet E-39 Os-Bergen er det planlagt bom på Fv163 Lysefjorden-Fanafjellet og langs eksisterende E39.
Vil ministeren sørge for at Granavold plattformen blir fulgt opp, og hindre at disse planlagte bomstasjonene på sideveiene blir bygget?

Begrunnelse

Bomstasjon på fylkesveg 163 Lysefjorden-Fanafjellet vil gi svært uheldige virkninger med oppsplitting av bygdene i Lysefjorden og økte kostnader for tilgang til lokale service - og fritidstilbud.
Eksisterende E39 mellom Os og Bergen vil ikke få direkte tiltak som følge av stamvegprosjektet.
Bomstasjonene er ennå ikke bygget og det er derfor viktig å få det avklart for å hindre ekstra kostnader.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg vil starte med å gi uttrykk for at eg set pris på at oppisisjonen no brukar FrPs gjennomslag i Granavolden plattforma til å ta til ordet for å kutte bompengar som opposisjonen sjølv har foreslått, slik tilfellet er i denne saka.

Regjeringa er oppteken av at det skal bli mindre bompengar for folk flest. Vi har difor i brev av 18.06.19 til Statens vegvesen og Nye Veier AS stramma inn reglane for å sette opp bommar på sidevegar langs nybygde vegar.

I framtidige prosjekt eller i prosjekt som er under planlegging skal det ikkje leggast opp til bruk av bom på sideveg. Trafikantane skal med denne innstramminga sikrast økt grad av gratis omkøyringsvegar. Dersom særlege høve tilseier bom på sideveg skal saka fremmast for departementet på eit tidleg tidspunkt.

Departementet vil også gå gjennom prosjekt som i dag har vedtatt bom på sideveg, for å sjå på moglegheitene for å fjerne disse. Ei slik endring føreset at garantisten for bompengelånet aksepterer ei slik endring.

Med utgangspunkt i dei nye føringane for bruk av bom på sideveg, vil departementet sjå nærare på bompengeopplegget for E39 Svegatjørn-Rådal i Hordaland for å vurdera om det er grunnlag for å fjerna bomstasjonane på eksisterande E39 og på fv 163 ved Djupvik. Eventuelt forslag til endring vil måtte avklarast mot fylkeskommunen som garantist før gjennomføring.