Geir Pollestad (Sp): Kan statsråden love at det blir gitt ordinær høyringsfrist på 3 måneder på sitt framlegg om føresegner om skadebot for pelsdyrbønder som er råka av regjeringa sitt næringsforbod?
Begrunnelse
Stortingsfleirtalet har, etter framlegg frå regjeringa, gjort vedtak om å forby pelsdyrhald i Noreg.
I stortingsdebatten vert det sagt mykje forskjellig om kva som skulle verta gjeve i skadebot/kompensasjon. Stortinget nytta ordet skadebot (erstatning) i sitt vedtak medan regjeringa omtala det som kompensasjon.
Utan omsyn til namnet på ordninga er dette særs avgjerande for dei som er råka. Det er difor viktig at det vert sett av normal god tid til høyringsrunda.