Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1979 (2018-2019) Innlevert: 27.06.2019 Sendt: 27.06.2019 Besvart: 03.07.2019 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen
Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for korleis regjeringa vil utføre reknestykket, og vil den nye måten å rekne forsvarsutgifter på gje Noreg eit sterkare forsvar?
Statsministeren seier i media at regjeringa vil rekne annleis for å oppnå Noreg og NATO sitt mål om at 2 prosent av BNP skal gå til forsvar.
Frank Bakke-Jensen: Generalsekretæren i NATO har oppmoda allierte til å vurdere om det er ytterlegare utgifter som bør inkluderast i den nasjonale rapporteringa av forsvarsutgifter til NATO. Dette kjem i forlenginga av det såkalla Defence Investment Pledge, som mellom anna omhandlar at allierte skal bevege seg i retning av å bruke to prosent av BNP til forsvarsformål innan 2024. Formålet med ein slik vurdering er å skape tryggleik for at rapporteringa reflekterer dei faktiske utgiftene brukt på forsvar. Ein slik gjennomgang bidrar til at Noregs rapportering blir meir i samsvar med våre allierte sine. Eit så riktig bilete som mogleg har og betydning for alliert samhold. Den generelle definisjonen av forsvarsutgifter i NATO er at utgiftene skal omfatte det nasjonale styresmakter betalar for forsvar av eige land, allierte land eller alliansen. I tillegg må utgiftene vere knytt til styrkar som er trente i militær taktikk, er utstyrt som ein militær styrke, er i stand til å operere under militær kontroll i deployerte operasjoner og realistisk kan bli deployert utanfor eige nasjonalt territorium til støtte for ein militær styrke.Regjeringa har tatt tak i oppmodinga frå generalsekretæren, og gjennomfører no ein grundig prosess med brei involvering frå aktuelle sektorar. Regjeringa vil informere Stortinget når vurderingane er sluttførte, og ei heilskapleg samanstilling av disse ligg føre.