Skriftlig spørsmål fra Geir Adelsten Iversen (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1996 (2018-2019)
Innlevert: 28.06.2019
Sendt: 01.07.2019
Besvart: 08.07.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Adelsten Iversen (Sp)

Spørsmål

Geir Adelsten Iversen (Sp): Kor høg er i snitt andelen bompengar i dei bompengeprosjekta for riksveg som er handsama av Stortinget i stortingsperioden 2013-2017 og kor høg er bompengeandelen i riksvegprosjekt handsama så lang i inneværande stortingsperiode?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Stortinget har handsama og slutta seg til fleire bompengeprosjekt i perioda 2013-2017. Dei fleste av desse prosjekta har ein bompengandel i tråd med NTP lagt fram av Senterpartiet før valet i 2013. Der bompengeandelen er endra er det i all hovudsak i favør av bilistane, fordi FrP har fått gjennomslag for høgare statleg andel i ei rekke prosjekt, I tillegg har bilistane hatt høgare rabatt gjennom ordninga som FrP fekk på plass med auka rabattar i bompstasjonane utanfor byane. Berre i 2019 utgjer denne ordninga i overkant av 530 mill. kroner.
Eg minner også at det er dei ytre rammene for bompengeandel som vert behandla i Stortinget. Gjennom betringar i trafikkgrunnlag, lågare rente, eller kostnadsredusksjonar i prosjekta kan bompengeandelen reduserast i mange prosjekt samanligna med det som Stortinget vedtek som ytre rammer for finansiering.