Skriftlig spørsmål fra Emilie Mehl (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:1998 (2018-2019)
Innlevert: 28.06.2019
Sendt: 01.07.2019
Besvart: 08.07.2019 av finansminister Siv Jensen

Emilie Mehl (Sp)

Spørsmål

Emilie Mehl (Sp): Kan statsråden leggje fram ei oversikt over utviklinga i personar si inntekt etter skatt per forbrukseining fordelt på desil frå 2013 og fram til i dag for kvar av kommunane i Noreg?

Begrunnelse

Denne oversikta er gjeve opp per fylke i SSB-tabell 09557.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Det finst ikkje offentleg statistikk for utviklinga i inntekta til hushalda etter skatt per forbrukseining fordelt på desilar frå 2013 til i dag for dei enkelte kommunane. Tabell 12558 i statistikkbanken til SSB viser likevel høgaste verdi for inntekt etter skatt i dei ulike desilgruppene for kvar kommune.
https://www.ssb.no/statbank/table/12558/
Av omsyn til konfidensialitet er høgaste verdi i 10. desil ikkje oppgitt i statistikken.
Departementet har ikkje høve til å leggje ved ein tabell for alle kommunane, då ein slik tabell vil innehalde meir enn 4000 rader.