Ingrid Heggø (A): Kva ville skatteinngangen bli ved å innføre omsetningsavgift for digitale selskap med høg omsetning i Norge lik den Storbritannia planlegg å innføre i 2020 og kva må utredast nærmare før Norge kan innføre ei slik avgift?
Begrunnelse
Det blei nylig kjent at Facebook kun betalte 2,9 millionar kroner i skatt til Norge i 2018, til tross for at omsetninga er anslått å vera på over 2,3 milliarder kroner. I påvente av at EU og OECD sitt arbeid med å få på plass internasjonale skatteordningar for store multinasjonale selskap med digitale plattformer iverkset andre land eigne særordninger for å få bukt med skatteomgåing. Storbritannia har varsla at dei vil innføre ei omsetningsavgift, UK Digital Services Tax, frå og med april 2020. Denne er på 2 % av omsetningen og vert pålagt store selskaper med digitale plattformer som har høg omsetning. Også andre land som f.eks. Frankrike vil innføre ei lignande avgift.