Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2065 (2018-2019)
Innlevert: 09.08.2019
Sendt: 09.08.2019
Rette vedkommende: Digitaliseringsministeren
Besvart: 28.08.2019 av digitaliseringsminister Nikolai Astrup

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Fasttelefonnettet er eit trygt alternativ til mobilnettet all den tid dette siste kan bli slått ut av lyn og nedising av master.
Vil statsråden sikre at Telenor utfører reparasjonar på fasttelefonnettet fram til det blir utfasa for å sikre beredskapen for folk i distrikta?

Nikolai Astrup (H)

Svar

Nikolai Astrup: Talet på aktive abonnentar som er knytt til fasttelefonnettet har gått jamt nedover dei siste åra. Telenor har under 200 000 kundar med fasttelefoni i privatmarknaden, og talet har gått ned med 20 prosent dei siste 12 månadane. Når stadig færre kundar har fasttelefon, vil fasttelefonen i mindre grad kunne seiast å utgjere eit faktisk og trygt alternativ til mobilnettet. I tillegg kan fasttelefonnettet – på same måte som mobilnettet – ha nedetid dersom ein kabel blir kutta eller liknande.
Dekning, tilgang og kapasitet i norske mobilnett blir stadig betre, samstundes som stadig fleire husstandar på landsbasis får tilbod om knytte seg til fiber. Mobilselskapa har på grunn av krav frå myndigheitene etablert minst 2 timar – og i utsette område 4 timar - batteritid i basestasjonane. Fleire kommunar har investert 3 døgns reservestraum innanfor strategisk utvalde dekningsområde med statlige løyvingar til "Forsterka ekom". Mobiloperatørane jobbar samstundes med andre tiltak for å gjere mobilnetta sikrare og meir robuste, som å etablere redundans lenger ut mot basestasjonane, og med dette kunne oppretthalde tenestene i særs mange feilsituasjonar som fører til tenestebrot i dag. Det blir og jobba med auka sikkerheit mellom anna gjennom teknologiutvikling mot neste generasjon mobilnett (5G).
Telenor har, gjennom avtale mellom Telenor og staten, leveringsplikt på offentleg telefonteneste og digitalt elektronisk kommunikasjonsnett på ein kvar stad med fast heilårleg bustad eller næringsverksemd, jf. ekomforskriften § 5-1. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) er ansvarleg for å føre tilsyn med denne plikta. Dette inneber at Nkom skal føre tilsyn med at Telenor leverer ei offentleg telefonteneste som følgjer av leveringsplikta, dersom det ikkje finst tilsvarande tilbod frå andre aktørar i det aktuelle området. Leveringsplikta er teknologinøytral og ikkje knytt opp mot fasttelefonnettet (koparnettet). Telenor kan difor levere telefontenesta både via koparnettet, mobilnett eller som breibandtelefoniteneste. Dette betyr vidare at myndigheitene ikkje kan pålegge selskapet særskilt å reparere koparlinjene, dersom denne slutter å virke, fordi Telenor kan oppfylle leveringsplikta på annan måte, f.eks. gjennom mobile løysingar.
Telefontenesta er viktig for innbyggjarane og verksemdene, og eg kan forsikre om at dette arbeidet blir følgd opp på ein grundig måte både i departementet og i Nkoms tilsynarbeid.