Skriftlig spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2068 (2018-2019)
Innlevert: 09.08.2019
Sendt: 09.08.2019
Besvart: 20.08.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Den planlagde fiskerihamna i Langevåg i Bømlo kommune har ikkje fått statlege løyvingar i gjeldande budsjett, og midlar er ikkje avsette før i siste del av NTP. Regjeringa har innført ei forskotteringsordning, der Bømlo ikkje nådde opp i første runde, men ramma er no auka i høve ein andre tildelingsrunde.
Vil fiskerihamna i Bømlo få høve til forskottering ved denne andre tildelinga, og kva blir finansiell statuse for prosjektet når fiskerihamnene blir overførte til fylkeskommunane frå 2020?

Begrunnelse

Arbeidarpartiet hadde i sitt framlegg til gjeldande NTP fullfinansiering av moloen i Langevåg. Etter vår meining skulle dei lokale næringsaktørane bruka sine finansielle musklar på å bygga opp infrastrukturen på landsida, medan staten tok sjølve molobygginga.
Når dei statlege innvesteringane no let venta på seg, er dei lokale næringsaktørane så interesserte i å koma i gang at dei har sagt seg interesserte i ei forskottering for å kunna starta molobygginga. Det var derfor svært skuffande at ein ikkje fekk høve til det i den første tildelingsrunden, så no set ein lokalt sin lit til denne andre tildelingsrunden, der ramma altså har blitt auka.
Det er gjort vedtak om, som ein del av regionreforma, at fiskerihamnene skal overførast frå staten til dei nye fylkeskommunane.
Det vil då vera viktig å få avklart om vedteken NTP når det gjeld innvestering i fiskerihamner då vil gjelda som rettesnor for dei overføringane som skal skje mellom staten og fylkeskommunane knytta til overføringa?
Bømlo er av dei største fiskerikommunane våre.
Nær 30 % av dei pelagiske trålkvotane i landet soknar til Bømlo fiskerihamn. Bømlo er også ein svær kommune når det gjeld oppdrettsfisk. Både Bømlo, og ikkje minst nabokommunen Stord, er store på, og svært avhengige av olje- og gassaktiviteten og leverandørindustriaktiviteten knytta til denne. Dette er usikre bransjar, der aktiviteten svingar voldsomt.
Det å byggja opp eit sterkare fiskeribaset miljø i regionen vil derfor vera ein viktig faktor for å få meir mangfald i næringsaktiviteten og sysselsetjinga i regionen Sunnhordland.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Som stortingsrepresentant Rommetveit viser til vedtok Stortinget å auke forskoteringsordninga for fiskerihamne- og farleistitak frå 350 mill. kr, jf. Prop. 1 S (2019-2020) for Samferdselsdepartementet, til 550 mill. kroner, jf. saldert budsjett for 2019 (Blå bok).
Ordninga har blitt svært godt motteke i heile landet, og departementet har fått inn mange gode søknader for nærare 1,4 mrd. kroner. Det er inngått avtaler om forskotering av prosjekt i innsegling til Senjahopen fiskerihamn (Berg kommune) og Gamvik fiskerihamn (Gamvik kommune).
I den nye tildelingsrunden har eg varsla at tre kommunar vil få tilbod om å inngå avtalar om forskotering av fiskerihamneprosjekt, til ei samla ramme på om lag 250 mill. kroner. Dette gjeld Kamøyvær fiskerihamn (Nordkapp kommune), Engenes fiskerihamn (Ibestad kommune) og Fosnavåg fiskerihamn (Herøy kommune).
Stortinget har i behandlinga av Prop. 84 S (2016-2017) Ny inndeling av folkevalt regionalt nivå vedtatt at dei nye fylkesregionane skal overta eigarskapen og forvaltningsansvaret for fiskerihamneanlegg frå 1. januar 2020. Det er vidare lagt til grunn at budsjettmidla til statlege fiskerihamnetiltak over kap. 1360 post 30 og statlege tilskot til kommunale fiskerihamnetiltak over kap. 1360 post 60 skal overførast frå Kystverkets budsjett til rammetilskotet til fylkeskommunane, samstundes med at dei nye fylkesregionane tek over eigarskap og forvaltningsansvar frå staten. Alle statlege fiskerihamnetiltak som vert sett i gong før overføringa i 2020 vil bli fullførte i regi av Kystverket.
Det følgjer av regionreforma at det frå og med 2020 vil vere opp til fylkeskommunane å prioritere fiskerihamnetiltak. For å sikre kontinuitet i fiskerihamneutbygginga i ein overgangsfase er det etablert fleire overgangsordningar som gir moglegheit for tidlegare realisering av ei rekke prosjekt. Forskoteringsordninga er eit viktig tiltak. Regjeringa har og sett av midlar til ferdigstilling av prosjektplanlegging i fylkeskommunal eller kommunal regi, for prosjekt som ligg inne i Nasjonal transportplan 2018-2029.
Eg har tillit til at fylkespolitikarane som innehar detaljert kunnskap om lokale og regionale utfordringar vil gjere dei rette prioriteringane kva gjeld framtidige fiskerihamneinvesteringar, i tråd med intensjonen i regionreforma og Stortinget si handsaming av denne. Regjeringa kjem tilbake til oppfølginga av regionreforma og overføringa av fiskerihamneforvaltninga til dei nye fylkesregionane i samband med budsjettframlegget for 2020.