Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:2134 (2018-2019)
Innlevert: 21.08.2019
Sendt: 21.08.2019
Besvart: 28.08.2019 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for kor mange allierte soldatar som er tilstades i Noreg per i dag, og kor mange norske soldatar som er i Hæren på same tidspunkt unnateke Hærreserven og mobiliseringsstyrkar?

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg legg til grunn at det med soldatar blir sikta til tenestegjerande militært personell, uavhengig av grad. I veke 34 var det om lag 630 amerikanske marineinfanteristar i Noreg. Desse soldatane inngår i ordninga med rotasjonsbasert øving og trening i Noreg for det amerikanske marinekorpset (U.S. Marine Corps). Det var også om lag 120 alliert luftpersonell til stades i Noreg i samband med Arctic Fighter Meet, som vart avslutta i veke 34. Ei mindre mengde canadisk luftpersonell var framleis til stades på Andøya etter at dei maritime overvakingstokta i veke 33 vart avslutta. I same periode hadde Hæren om lag 7 500 tenestegjerande militært personell i Noreg unnateke Hærreserven og mobiliseringsstyrkar.
Alliert aktivitet i Noreg bidrar til kunnskap i andre allierte land om å operere under krevjande klimatiske og topografiske forhold i landet vårt. Dette gjev auka operativt utbytte for begge partar. Alliert øving og trening i Noreg demonstrerer den gjensidige allianseforpliktinga i praksis. Allierte og norske styrkar sine evner til å operere saman vil vere av stor betydning viss Noreg skulle få behov for allierte forsterkningar i krise og krig. Alliert aktivitet i Noreg er ein del av dei lange linjene i norsk forsvars- og tryggingspolitikk.