Skriftlig spørsmål fra Eigil Knutsen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2148 (2018-2019)
Innlevert: 22.08.2019
Sendt: 22.08.2019
Besvart: 02.09.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Eigil Knutsen (A)

Spørsmål

Eigil Knutsen (A): Vil statsråden, foruten å kritisere firmafester og julebord, faktisk bidra til reduserte fakturakostnader for brukerne gjennom å legge til rette for felles fakturautstedelse på tvers av bompengepakker, eller er statsråden tilfreds med dagens løsning som gir høyere kostnader ved fakturering?

Begrunnelse

I Politisk kvarter på NRK 20.8 refset samferdselsministeren Norges fem bompengeselskap for det han beskriver som «uvettig pengebruk». Statsråden varslet videre at han vil kalle inn bompengeselskapene og deres eiere - fylkeskommunene - for å «se på regnskapene», «for å få kontroll på pengebruken» og «få ned administrasjonskostnadene».
Ferde er det regionale bompengeselskapet for Sør- og Vestlandet. Selskapet finansierer bompengeprosjekter og driver bompengeinnkreving fra en rekke bompengepakker. Ferde har ønsket å samordne fakturainnkrevingen fra de ulike bompengepakkene. I dag sendes det forskjellige fakturaer for hver bompengepakke man kjører i gjennom.
Dette grepet kunne gitt kraftig reduserte fakturakostnader, men Ferde har fått avslag på sitt forslag om samordnet fakturautstedelse av Vegdirektoratet, som samferdselsministeren er politisk ansvarlig for. En av årsakene er at dagens IKT-løsning fra Statens Vegvesen ikke er dimensjonert for felles fakturautstedelse.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Bompengereforma, som nå er under gjennomføring, vil bidra til lågare faktureringskostnader i bompengesektoren.
Når det gjeld fakturering av bilistar som ikkje har brikkeavtale (ein såkalla AutoPASS-avtale), fekk denne gruppa før bompengereforma ein faktura for kvart bompengeprosjekt dei nytta. Det innebar høge utgifter til fakturering for bompengeselskapa. Når nå talet på bompengeselskap er redusert frå om lag 60 til 5 selskap, ligg det til rette for at bilistar utan brikkeavtale i staden kan få ei rekning som dekkjer alle bompasseringar under kvart av dei fem regionale bompengeselskapa. Reint teknisk støtter ikkje dagens systemløysning (CS-Norge) ei slik løysing, men nokre av dei fem regionale bompengeselskapa har allereie laga seg ei slik løysing ved å bygge ei rutine utanom CS-Norge. Dei andre regionale bompengeselskapa har så lang ikkje tilsvarande løysning. Med den nye systemløysinga for bompengar, som er under utvikling og skal setjast i drift i 2020, vil det ligge teknisk til rette for samfakturering i alle dei regionale bompengeselskapa.
Om lag 80 prosent av bilistane teiknar imidlertid i dag ein brikkeavtale. Avtalekundane får alle sine passeringar samla i éin faktura uavhengig av kva bomvegprosjekt dei har passert i heile landet. Avtalen gir også bilistane andre fordelar, som til dømes rabattar ved passering av bomstasjonar, nytte av timesregel i bypakker og passering av bruene i Danmark utan stopp. AutoPASS-brikka kan også nyttast til kjøp av billett på fleire ferjestrekningar.
Som ein del av bompengereforma skal utferdartjenesta, det vil seie handteringa av kundane med brikkeavtale, skiljast frå bompengeselskapa. Dette er eit grep som vil leggje til rette for å ta ut ytterlegare stordriftsfordeler i sektoren.
Statens vegvesen er i tett og god dialog med dei regionale bompengeselskapa om iverksettinga av bompengereforma.