Skriftlig spørsmål fra Øystein Langholm Hansen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2165 (2018-2019)
Innlevert: 25.08.2019
Sendt: 26.08.2019
Besvart: 29.08.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Øystein Langholm Hansen (A)

Spørsmål

Øystein Langholm Hansen (A): Hvem er nå økonomisk ansvarlig overfor driftselskapene på banen når det oppstår forsinkelser på grunn av dyrepåkjørsler; videre, hvem er økonomisk ansvarlig for eventuelle skade på lokomotiv og eventuelt annet materiell, og til sist, hvem har ansvar for de belastninger slike påkjørsler har på personell som fører togene?

Begrunnelse

I jernbanepakkene som er tildelt er det kjent at det bl.a. et lagt inn malus for avganger som ikke blir overholdt. Langs store deler av banene, både Sørlandsbanen, Trondheimsbanen og Bergensbanen, er det mye husdyr som beiter på innmarksbeiter. BaneNor har meddelt grunneiere langs banen at de ikke lenger vil vedlikeholde gjerdene langs banen, og at de tolker tidligere inngåtte avtaler og lovverk slik at det nå er bøndene som er pliktige til slikt gjerdehold.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Alle togoperatørar som køyrer på norsk strekning må inngå «Avtale om sportilgang og bruk av tjenester» (AST) med infrastrukturforvaltar Bane NOR. I avtalane er det etablert ei ytingsordning som gir både togoperatørar og infrastrukturforvaltar økonomiske incitament til å levera best mogleg kvalitet. Ved forseinkingar og innstillingar er det mekanismar som gir togoperatørane malus (negativ bonus) dersom dette er togoperatøren sitt ansvar, til dømes som følgje av feil på køyretøy eller personellmangel. Tilsvarande får infrastrukturforvaltar malus dersom forseinkingane og innstillingane skuldast feil på infrastrukturen.
Som eit element i ytingsordninga har Bane NOR etablert eit sett av årsakskoder som blir nytta ved alle forseinkingar og innstillingar. Dette er grunnlaget for å fastsetja omfanget av malus for togoperatørane og infrastrukturforvaltar. Ved dyrepåkøyrsler blir det nytta ein kode som fell inn under kategorien «Utanforliggande forhold», og denne inngår ikkje i ytingsordninga. Det inntreff difor ingen malus i AST korkje for togoperatørane eller infrastrukturforvaltar dersom det oppstår ei forseinking som følgje av dyrepåkøyrsel. I trafikkavtalane mellom togoperatørane og Jernbanedirektoratet er det etablert tilsvarande mekanismar der dyrepåkøyrsel ikkje gir grunnlag for malus for manglande leveranse.
Det oppstår sjeldan større skadar på togmateriell ved ein dyrepåkøyrsel. Eventuelle skadar, og eventuell reingjering etter slik påkøyrsel, er togoperatøren sitt ansvar.
Som representanten er inne på: Dyrepåkøyrsler kan vera ei belasting for personalet på toga. Det er togoperatøren sitt ansvar å sikra at den einskilde medarbeidar får ei god oppfølging etter ei slik hending. I trafikkavtalane mellom togoperatørane og Jernbanedirektoratet er det stilt krav om at togoperatørane skal etablera ei kollegastøtteordning. Gjennom denne ordninga blir det stilt ressursar til disposisjon slik at tillitsvalde, eller andre ressurspersonar i verksemda, kan følgja opp medarbeidarar som har vore utsette for ei hending, mellom anna ein dyrepåkøyrsel.