Skriftlig spørsmål fra Tuva Moflag (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2221 (2018-2019)
Innlevert: 01.09.2019
Sendt: 02.09.2019
Besvart: 09.09.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Tuva Moflag (A)

Spørsmål

Tuva Moflag (A): Hvordan vil statsråden sikre at kommunene ikke blir overkjørt med hensyn til inn- og utflyvningsruter og flystøy fra Oslo Lufthavn Gardermoen?

Begrunnelse

Nannestad kommune opplever at Avinor har endret inn- og utflygingsrutene slik at nye utbyggingsområder har havnet i gul støysone. Nannestad kommune har valgt å utvikle eksempelvis Åsgreina i kommuneplansammenheng nettopp fordi det lå utenfor gul støysone. Endringer fra Avinor har imidlertid ført til at det nye byggefeltet, Ramstadåsen, likevel har til dels havnet i gul støysone, på grunn av endringer fra Avinor.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg er generelt oppteke av at dei statlege etatane skal ha ein god dialog med vertskommunane.
Oslo lufthavn, Gardermoen har eit veletablert forum for dialog med nabokommunane. Miljø- og støyutvalet består av representantar for lufthamna, i tillegg til dei seks nabokommunane som er mest utsette for flystøy frå flyplassen. Ordførarane møter på vegne av kommunane. I denne perioden blir Miljø- og støyutvalet leia av ordførar Tom Staahle, Ullensaker.
Miljø- og støyutvalet har som formål å drøfte tema og problemstillingar i samband med utbygging og drift av lufthamna. Lufthamna informerer i utvalsmøte om framtidig utvikling og planar. Utvalet sitt primære arbeidsområde er knytt til støy, men også andre miljøeffektar av flyplassen kan takast opp til drøfting. Utvalet skal leggje til rette for dialog, blant anna gjennom møte med eit naboforum der grendelag, velforeiningar og andre kan delta, og møte med andre omkringliggjande kommunar.
Avinor AS opplyser at dei på førespurnad også hjelper kommunane enkeltvis, for eksempel gjennom medverknad i møte med administrasjonen, formannskapet eller klima- og miljøutval i kommunane.
Når det gjeld det konkrete området det er vist til, som bakgrunn for spørsmålet, ønskjer eg å opplyse om følgjande:
Luftfartstilsynet har gjennom forskrift 17. desember 2015 nr. 1857 om støyførebygging for Oslo lufthavn, Gardermoen fastsett bestemte utflygingskorridorar. Utflygingsrutene må liggje innanfor dei utflygingskorridorane som er fastsette. Avinor AS har opplyst til Luftfartstilsynet at den utflygingsruta det er tale om her, ikkje har vore endra sidan opninga av flyplassen i 1998. Avinor AS har vidare opplyst at det er auke i flytrafikken som har gjort at den gule støysona har blitt større, ikkje endringar i utflygingsruta.
Mindre flytypar, som for eksempel Dash 8 frå Widerøe, har etter fastsette kriterium høve til å fråvike utflygingskorridorane. Desse kan derfor i visse høve fly direkte over det nemnde området.