Kjersti Toppe (Sp): Vil helseministeren gripe inn dersom helseføretaket vedtek at Volda sjukehus ikkje skal ha traumefunksjon, eller vil helseministeren godta at innbyggjarar på Sunnmøre og i delar av Nordfjord slik får dårlegare traumeberedskap, og meiner helseminister det er forsvarleg og rett bruk av helseressursar dersom Volda sjukehus med fullgod akuttberedskap, inkludert blautdelskirurgi, ikkje skal kunne få ta i mot og gi livreddande behandling til alvorleg skadde pasientar når tilstanden for pasienten er tidskritisk?
Begrunnelse
Styret i Helse Møre og Romsdal skal på styremøte 25.september til stilling til traumeberedskap på Sunnmøre, og innstillinga til styret er at Volda sjukehus ikkje skal ha traumefunksjon.
Dersom dette blir resultatet, vil det ikkje vere akuttsjukehus med traumefunksjon mellom Førde i Sunnfjord og Ålesund, ei reisetid med bil på omlag 4 timar.
Ifølge Nasjonal Traumeplan, skal alvorlig skadde pasientar raskast mogleg til eit at landets fire traumesentra og dei mindre alvorleg skadde skal til akuttsjukehus med traumefunksjon. Dersom det er meir enn 45 minutt transport-tid til traumesenter, skal den alvorlig skadde pasient transporterast til næraste akuttsjukehus med traumefunksjon. I Norge er det ifølgje Norsk Traumeplan 32 sjukehus akuttsjukehus med traumefunksjon, og av desse har over halvparten under 100 traumealarmar per år. Det er ingen ting i Norsk Traumeplan som indikerer at det skal eller må bli færre slike traumesjukehus, tvert i mot så vert det poengtert at tilstandane er tidskritiske og at akuttsjukehus med traumefunksjon derfor er ein viktig del av traumesystemet. Eit akuttsjukehus med traumefunksjon skal ha kapasitet til å ta seg av majoriteten av dei skadde pasientane, men og kunne gi riktig initial behandling til dei hardast skadde pasientane som eventuelt må overførast til traumesenter med høgare kompetanse og ressursar. I styresaka blir det argumentert med volum i Ålesund, men tek ikkje omsyn til at Volda sjukehus i dag har den akuttberedskapen som skal til (døgnkontinuerlig beredskap i blautdelskirurgi) for å oppfylle krava i Norsk Traumeplan. Det er heller ikkje lagt vekt på at Volda sjukehus i dag representerer einaste akuttsjukehus med traumefunksjon mellom Førde i Sunnfjord, og Ålesund. Norsk Traumeplan er tydelig på at pasientar skal fraktast til næraste sjukehus med traumefunksjon, altså på tvers av føretaksgrenser. Det vil seie at befolkningsgrunnlaget for traumeberedskap ved Volda er på om lag 70 000 innbyggjarar, og det verkelege talet på traumepasientar i Volda difor kan vere på 60-80 pasientar i året (kilde traumeutvalet i Ålesund). Difor bør ein sjølvsagt ikkje kunne definere traumefunksjon i Helse Møre og Romsdal, utan sjå det i samanheng med traumeberedskapen på andre sida av føretaksgrensa, i Helse Vest.
Det synes klart ut frå innstillinga at det er økonomiske innsparingar som er den verkelege årsaka til at Volda ikkje skal vere traumesjukehus, ikkje faglege. Det er etter spørsmålsstillar syn eit politisk ansvar å sørge for mest mogleg likeverdige helsetilbod uansett kor ein bur hen i landet, og å hindre at traumeberedskapen blir bygd ned i distrikt der risikoen er høgast allereie dersom det skjer alvorlege skader og ulykker.