Skriftlig spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:80 (2019-2020)
Innlevert: 14.10.2019
Sendt: 14.10.2019
Besvart: 18.10.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): Ambulanseflyet som måtte snu viser at det fortsatt er behov for nattevaktordningen som fantes tidligere ved Kristiansand Lufthavn. Pasientsikkerhet og beredskap er svekket i området.
Hva vil regjeringa gjøre for å styrke beredskapen igjen?

Begrunnelse

Tidligere hadde brann- og redningsmannskapet på Kristiansand Lufthavn Kjevik en vaktordning, slik at det alltid var personell tilgjengelig på kort varsel om natten, om det skulle være nødvendig å åpne flyplassen. Denne ordningen ble avviklet i august i år. Forrige uke måtte et ambulansefly som skulle lande på flyplassen for å hente en pasient som skulle sendes til behandling i Oslo, snu og vende tilbake til Gardermoen uten pasienten fordi mannskap til brann- og redningsvesenet på flyplassen var utilgjengelig. Hadde hjemmevaktordningen fremdeles eksistert ville trolig ambulanseflyet som måtte snu, kunne ha landet på Kjevik.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg har lagt denne saka fram for Avinor. Avinor viser til at det er relativt få ambulansefly som har behov for å lande på Kristiansand lufthamn utanfor den ordinære opningstida. Dei siste tre åra har dette dreidd seg om 1–3 tilfelle årleg. På grunnlag av dette har Avinor den siste tida testa ut ei tilkallingsordning i staden for ei fast heimevaktordning.
Ved hendinga som det er vist til i spørsmålet, var det berre ein brannmann til stades, mens det etter dei prosedyrane Avinor har fastsett for denne lufthamna, skulle ha vore to brannmenn. Avinor klarte derfor ikkje å følgje opp sine eigne prosedyrar, noko Avinor seier seg leie for. Frå midnatt tysdag 15. oktober har Avinor som del av vinterberedskapen innført heimevaktordning utanfor den ordinære opningstida på Kristiansand lufthamn.
Avinor opplyser at selskapet – mellom anna saman med Luftambulansetjenesten HF, helseføretaket og Babcock Air Ambulanse – vil evaluere denne hendinga, og at resultata av evalueringane vil bli lagt til grunn for den framtidige beredskapsordninga ved Kristiansand lufthamn.
Eg vil vise til at det å halde lufthamner opne for ambulansefly og ambulansehelikopter også utanfor den ordinære opningstida, er ein del av dei samfunnspålagde oppgåvene til Avinor, jf. Meld. St. 30 (2016–2017) og Innst. 430 S (2016–2017). Dette er noko eg også følgjer opp i eigardialogen med selskapet.