Freddy André Øvstegård (SV): Hvilke konkrete tiltak har regjeringen gjennomført, eller gjennomfører regjeringen, for å redusere praksisen med bruk av enkeltkjøp av institusjonsplass i barnevernet?
Begrunnelse
Stortinget fattet følgende anmodningsvedtak 17.12.18, som i regjeringen i forslaget til budsjett for 2020:
«Stortinget ber regjeringen se på bruken av enkeltkjøp av institusjonsplass i barnevernet, og komme tilbake til Stortinget på egnet vis innen utgangen av 2019 med forslag til tiltak for å redusere denne praksisen.»
Regjeringen regner anmodningen som fulgt opp, og begrunner dette på følgende måte:
«Bufdir og Bufetat har forsterka arbeidet sitt med å dimensjonere og styre kapasiteten i institusjonstilbodet. Mellom anna vil Bufetat, ved tildeling av institusjonsplass, leggje stor vekt på å utnytte kapasiteten i statlege institusjonar og private institusjonar med rammeavtalar. Bufetat vil òg arbeide vidare med å sikre kvaliteten i innskrivinga av barn og unge frå kommunane. Dette er viktig for at Bufetat skal kunne planleggje institusjonstilbodet godt. Tilbodet som Bufetat gir, skal alltid vere fagleg forsvarleg, gi riktig hjelp til det einskilde barnet og ta omsyn til at dei samla ressursane på området skal utnyttast på best mogleg måte.
Erfaringar frå dei sakene der det har vore naudsynt at barn har fått eit tilbod utanfor den planlagde institusjonskapasiteten, vil bli brukte til å vurdere korleis dei statlege institusjonane og rammeavtalane med private leverandørar kan forbetrast, slik at dei betre kan dekkje behova til dei barna kommunane tilviser til institusjon. Det er ei vedvarande utfordring å finne gode tiltak til barn med store og komplekse omsorgs- og behandlingsbehov. Som eit ledd i arbeidet med å finne fram til gode løysingar for desse barna kartlegg Bufdir no organiseringa og innretninga i andre land.»
Spørsmålsstiller finner ingen konkrete tiltak i regjeringens begrunnelse.