Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:108 (2019-2020)
Innlevert: 17.10.2019
Sendt: 18.10.2019
Besvart: 24.10.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Meiner samferdselsministeren at det er muleg å byggje ut Harstad-Narvik Lufthamn Evenes til QRA-base for F35 samt base for P8 overvakingsfly utan at den sivile luftfarten vert råka med restriksjonar, og kan ministeren godta at flyplassen eventuelt vert ein heilmilitær flybase utan sivil luftfart?

Begrunnelse

Harstad-Narvik Lufthamn Evenes er vedteke utbygd til QRA for dei nye F35 kampflya. Den permanente basen for dei nye P8 overvakingsflya er også vedteke utbygd på same lufthamna. Flyplassen er i dag ein viktig del av det sivile luftfartsnettet, og det er frå fleire hald uttrykt uro over at militære utbyggingar vil fortrenge den sivile luftfarten, og med det ta frå regionen eit svært viktig tilbod.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Både Avinor og Forsvaret meiner det er mogleg å byggje ut Harstad/Narvik lufthamn, Evenes, til QRA-base for Forsvarets F35 kampfly og MPA-base for Forsvarets P8 overvakingsfly, utan at det fører til vesentlege restriksjonar for den sivile luftfarten.
Det blir arbeidd med å finne ei plassering for hangaren til Forsvarets MPA-fly, som ikkje skaper for mykje turbulens ved landing frå sør. Avinor og Forsvaret har no ein god dialog for å finne ei plassering av hangaren, som gjer det mogleg å oppretthalde ei sikker og effektiv drift av lufthamna.
For Forsvarets F-35-fly er det i hovudsak støy som er utfordringa. Den statleg utarbeidde reguleringsplanen vil fastsetje krava for utslepp av støy til omgjevnadene. Forsvaret vil som tiltaksansvarleg finne og etablere løysingar i tråd med grenseverdiane i reguleringsplanen innan operasjonane med F-35 tek til.
For meg er det avgjerande at det sivile flyrutetilbodet på Harstad/Narvik lufthamn, Evenes, skal kunne oppretthaldast og vidareutviklast. Det er såleis ikkje noka aktuell problemstilling, korkje for forsvarsministeren eller meg, å gjere lufthamna om til ein heilmilitær flybase utan sivil luftfart.