Skriftlig spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:119 (2019-2020)
Innlevert: 18.10.2019
Sendt: 21.10.2019
Besvart: 28.10.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): Nordland fylkeskommune ansatte veisjef allerede i fjor for å ta ansvaret for fylkesvegadministrasjonen. De har tatt ansvar, uten å få forutsigbarhet for merkostnadene.
Hvordan kan statsråden påstå at reformen er forutsigbar når økonomien ikke er klar, eller om den er klar, innebærer et kutt på om lag 50 millioner for disse oppgavene i Nordland?

Begrunnelse

Samferdselsministeren uttaler i VG at noen fylker har brukt tid på omkamp på regionreformen, fremfor å bruke tid på å få på plass organisasjonen sin og tilpasse seg regionreformen.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Mykje arbeid er gjort etter at Stortinget våren 2017 fatta oppmodingsvedtak om å avvikla sams vegadministrasjon. Først gjorde Statens vegvesen ei utgreiing av konsekvensane av å overføra fylkesvegadministrasjonen frå Statens vegvesen til fylkeskommunane. Etter det har det vorte utarbeidd lovframlegg og framlegg til endringar i forskrifter er på offentleg høyring. I tillegg pågår det eit omfattande administrativt arbeid med å gjennomføra reforma frå 1. januar 2020. Arbeidet med å avvikla sams vegadministrasjon er med andre ord ei krevjande og omfattande reform.
Overføring av tilsette pågår for fullt, i samarbeid mellom Statens vegvesen, KS og fylkeskommunane. Arbeidet har pågått frå hausten 2018, og held fram for fullt ut over hausten 2019. Statens vegvesen brukte om lag 1850 stillingar til den fylkeskommunale delen av sams vegadministrasjon i 2018. Fylkeskommunane har i haust tilbydd om lag 1500 tilsette i Statens vegvesen arbeid i fylkeskommunane. Per 22. oktober hadde om lag 1246 sagt opp i Statens vegvesen som følgje av overgang til fylkeskommunane. Statens vegvesen og fylkeskommunane har ei felles målsetjing om å få fleire til å søkja seg til fylkeskommunane. Framleis er det mange tilsette i Statens vegvesen som kan vera aktuelle for ledige stillingar i fylkeskommunane.
Arbeidet med overføring av tilsette var altså ikkje klart då budsjettet vart lagt fram tidlegare i haust. For å kunna gje Stortinget eit så fullstendig bilete som råd er av arbeidet med å gjennomføra reforma, har regjeringa derfor bestemt seg for å leggja saka fram i eit tillegg til statsbudsjettet for 2020. Økonomiske sider ved overføring av ansvar til fylkeskommunane vil verta presentert for Stortinget i den samanhengen. For ordens skuld: Eg kjenner ikkje til talet på 50 mill. kr, som det vert vist til i spørsmålet.