Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:188 (2019-2020)
Innlevert: 28.10.2019
Sendt: 29.10.2019
Besvart: 01.11.2019 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden klargjøre kva som er dei samla kostnadane i Prop. 1 S (2019-2020) knytt til flyttinga av maritime overvakingsfly frå Andøya til Evenes flystasjon (altså ikkje medrekna kostnadane knytt til utbygging av QRA-base på Evenes)?

Begrunnelse

I forbindelse med handsaminga av Prop. 1 S (2019-2020) spurte Senterpartiet om:

«Hva er sist oppdaterte anslag for de totale kostnadene knyttet til å flytte basen for maritime overvåkningsfly frå Andøya til Evenes, og hva er de totale utgiftene knyttet til dette prosjektet for statsbudsjettet 2020?»

Finansdepartementet svarte at:

«I Prop. 1 S (2019-2020) er det avsatt om lag 1,5 mrd. kroner til etableringen på Evenes.»

Det framgår uklart i svaret om dette er dei totale kostnadane i 2020 er knytt til både flytting av maritime overvakingsfly og etablering av QRA på Evenes, eller hele beløpet på 1,5 milliarder kroner er knytt alene til flyttinga av maritime overvakingsfly frå Andøya til Evenes flystasjon.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg syner til brev frå Stortingets president av 29. oktober 2019, vedlagt spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete, om ei klargjøring av «kostnadane i Prop. 1 S (2019-2020) knytt til flyttinga av maritime overvakingsfly frå Andøya til Evenes flystasjon (altså ikkje medrekna kostnadane knytt til utbygging av QRA-base på Evenes)».
I Prop. 1 S (2019-2020) er det satt av totalt om lag 1,5 mrd. kroner for investeringar på Evenes flystasjon for etablering av framskoten operasjonsbase for kampfly og base for dei nye maritime patruljeflya. Av dette er om lag 300 mill. kroner spesifikt til bygging av dei nye fasilitetane til maritime patruljefly. Til etablering av fasilitetar for NATO sin kampflyberedskap er det planlagt nytta i overkant av 100 mill. kroner i 2020. I underkant av 1,1 mrd. kroner er knytt til etablering og oppgradering av bygg, anlegg og infrastruktur som stør opp under begge kapasitetane og ei eventuell deployering av NATO flystyrkar. Dette er til dømes forlegningar for fast tilsette og vernepliktige soldatar, messe, straumnett, vatn, avlaup, fjernvarme, vern og sikring av basen, velferds- og idrettsfasilitetar, drivstoffanlegg, luftvern osv. Korleis slike felles basekostnadar fordeler seg på dei ulike enkeltkapasitetane vil vere vanskeleg å synleggjera.