Geir Pollestad (Sp): Kva vil statsråden gjera for at norsk jordbruk har tilgang på plantevernmiddel som er naudsynt for å auka produksjonen av frukt og grønt i Noreg?
Begrunnelse
Det er brei semje om at låg bruk av plantevernmiddel er ei styrke ved norsk jordbruk. No har det kome signal frå næringa om at dei slit med å få tak i plantevernmiddel som er naudsynte for å oppretthalda produksjonen.
Det er ingen vinst for korkje miljø eller forbrukarar om dette inneber redusert norsk produksjon til fordel for import.
Ei utfordring verkar å vera at den norske marknaden er liten og at kostnaden med å få godkjent nye plantevernmiddel er høge.