Skriftlig spørsmål fra Ingalill Olsen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:230 (2019-2020)
Innlevert: 06.11.2019
Sendt: 06.11.2019
Besvart: 13.11.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ingalill Olsen (A)

Spørsmål

Ingalill Olsen (A): Hvordan vil statsråden styrke fylkeskommunene slik at de blir økonomisk og faglig i stand til å utføre de oppgavene Stortinget har pålagt de fra 1.1.2020, med hensyn til å overta ansvaret for fiskerihavnene langs kysten?

Begrunnelse

Fylkeskommunene skal overta ansvaret for utbygging og planlegging av fiskerihavner fra 1.1.2020. I statsbudsjettet for 2020 opplyses det at staten ennå ikke har inngått avtale om overføring med Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark fylkeskommune. Mediene melder nå at de samme fylkeskommunene ikke ønsker å overta dette ansvaret bl.a. på bakgrunn av at det ikke følger tilstrekkelig ressurser med for å kunne utføre dette arbeidet.
Fylkeskommunene er positiv til nye oppgaver, men det krever at de mottar ressurser i form av overføringer som gjør de i stand til å ansette kvalifisert personell og til å kunne bygge ut fiskerihavnene.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Stortinget har i behandlinga av Prop. 84 S (2016-2017) Ny inndeling av folkevalt regionalt nivå vedtatt at dei nye fylkesregionane skal overta eigarskapen og forvaltningsansvaret for fiskerihamneanlegg frå 1. januar 2020. Det er lagt til grunn at overføringa av eigarskapen skal skje frivillig gjennom avtaler. Det er vidare lagt til grunn at dei statlege midla til fiskerihamnetiltak over Samferdselsdepartementet sitt budsjett blir ein del av rammetilskotet til fylkeskommunane, som tildelast over Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt budsjett. Dei nye fylkesregionane tek med dette over eigarskapet og forvaltningsansvaret for desse anlegga frå staten.

Eg vil poengtere at fylkeskommunane ikkje skal overta eigaransvar til sjølve hamna. Hamnene er som regel kommunalt eigde med innslag av anlegg og areal som er eigd av private eller av staten. Det er dei statlege anlegga i desse hamnene som no skal overførast til fylkeskommunane. I hovudsak er dette eigarskapet knytte til moloanlegg, som fylkeskommunane no mellom anna får eit vedlikehaldsansvar for.

I tillegg til vedlikehaldsansvaret for desse fiskerihamneanlegga, vil fylkeskommunane få ansvaret for den delen av fiskerihamneforvaltninga som fram til no har blitt tatt hand om av staten ved Kystverket. Dette er bakgrunnen for at dei statlege midla som har blitt nytta til dette formålet over Samferdselsdepartementet sitt budsjett no blir overført til rammetilskottet til fylkeskommunane.

Det følgjer av regionreforma at det frå og med 2020 vil vere opp til fylkeskommunane å prioritere vedlikehald og investeringar i fiskerihamneanlegg og om dei vil gjennomføre prosjekt i eigen regi eller om dei vil opprette tilskotsordningar for kommunane.

Frå Samferdselsdepartementet har det vore lagt opp til ein god prosess om overføringa og kva oppgåven inneber. Med dette har Kystverket hatt fleire møter med regionane. For å syte for ein god framdrift i prosjekta er det sett av midlar til forskottering av fiskerihamneinvesteringar for over ein halv milliard kroner samla i 2018 og 2019.

Vidare har staten i 2019 sett 10 millioner kroner i planleggingsmidler for nye tiltak som fylkeskommunane kan søke på.

Det blei i august i år inngått avtaler med Vestland, Rogaland, Agder, Vestfold og Telemark og Viken fylkeskommunar. Det står att å inngå avtaler med Finnmark og Troms, Nordland, Trøndelag og Møre og Romsdal fylkeskommunar, før desse kan få overført sin del av dei statlege fiskerihamnemidla. Dette inneber at 34,3 mill. kroner av i alt 154,8 mill. kroner til dette formålet overførast til rammetilskotet til fylkeskommunane i budsjettframlegget for 2020. Dei midla staten har nytta til formålet blir dermed overført i si heilhet.

Kva gjeld framtidige behov for fylkeskommunale midlar til fiskerihamneforvaltning, må dette handsamas i samband med dei årlege budsjettprosessane. Det statlege bidraget vil da vere ein del av rammetilskotet til fylkeskommunane.

Eg har tillit til at fylkespolitikarane som innehar detaljert kunnskap om lokale og regionale utfordringar vil gjere dei rette prioriteringane innan fiskerihamneforvaltninga, i tråd med intensjonen i den vedtekne regionreforma.