Kjersti Toppe (Sp): Kva risiko fører det uverksamme terrengvarslarsystemet til for luftambulanseberedskapen i vintermånadane som kjem, og tar statsråden ansvaret for beredskap og avbøtande tiltak dersom det stemmer at eit nytt, tilpassa terrengvarslarsystem ikkje kjem på plass før til våren?
Begrunnelse
Viser til svar på spørjetimespørsmål i munnleg spørjetime onsdag 6. november om luftambulansetenesta og oppslaget i Sør-Varanger avis om eit nytt teknisk problem, nemlig at ambulansefly vil slite med tåkelanding i Finnmark i heile vinter på grunn av et nytt terrengvarselsystem som ikkje verkar så langt nord. I følgje media vil dette systemet ikkje kunne bli forbetra med ny versjon før fyste kvartal 2020.
Dette vil bety at ein i Finnmark vil måtte gå gjennom heile vinteren med eit terrengvarselsystem som ikkje verkar og som hindrar fly i å lande dersom det er mørke og dårleg sikt. Når vi går mot mørketid og vinter, er dette svært dårleg nytt. Varselsystemet kan etter det spørsmålsstiller er gjort kjent, med, berre slås av om det er visuell kontakt. Difor har det ikkje vore eit stort problem fram til no, sjølv om problemet har vore der heile tida. Til det faktum at et nytt navigasjonssystem gjer det vanskeleg for å fly å lande i mørke og dårlig sikt, svarar helseministeren i stortinget 6. november følgjande:
«Jeg forventer selvfølgelig at hvis det oppstår nye tekniske utfordringer, blir de løst, og at en tar hensyn til det. Det som er viktig er at vi sørger for at det hele veien er god beredskap, og at dette ikke går ut over pasientene.»
Spørsmålsstiller meiner det er påkravd at helseministeren tar denne saka på større alvor, at det ikkje er akseptabelt at helseministeren har ein «vente og sjå»-haldning til problemet, og at han som øvste ansvarlege må gjere greie for situasjonen, svare på om det faktisk stemmer at varslarsystemet ikkje vil kunne bli oppgradert før til våren, og i tilfelle kva som vert gjort for å sikre beredskapen i mellomtida.