Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:291 (2019-2020)
Innlevert: 12.11.2019
Sendt: 13.11.2019
Besvart: 19.11.2019 av olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Utbyggarane held fram med sine posisjoneringar og arbeid for å etablere vindkraftprosjekt innanfor kommunegrensene til kommunar som har sagt eit klart nei til slik etablering. Innbyggarane fortvilar og ber om at statsråden grip inn og stoppar vidare planlegging av nye vindkraftprosjekt i områda deira.
Kan statsråden garantere at i områder der vindkraftutbygging har klare nei standpunkt så får vindkraftkonsesjonane avslag?

Begrunnelse

Ordførarane og kommunestyra i dei seks kommunane Høyanger, Gaular, Fjaler, Hyllestad, Gulen og Masfjorden, har gjeve uttale til nasjonal ramme for vindkraft på land, der det vert slått fast at ingen av dei vil ha vindkraft i områda sine. Nasjonal ramme for vindkraft er lagt bort, men alle desse seks ordførarane peikar på at utbyggarane fortset som før, trass i sterk lokal motstand, og er uroa over at det ikkje vert sagt eit klart og tydeleg nei frå statsråden si side, slik at vindkraftplanane for området vert lagt bort. I interpellasjonsdebatten om vindkraft mellom underteikna og statsråden, svara statsråden at det var uaktuelt å gje løyve til vindkraftutbygging der det var stor lokal motstand. Eg var uroa over om regjeringa hadde lytta og lært, og om regjeringa hadde teke inn over seg kvifor tusenvis av norske borgarar føler avmakt, raseri og djup fortviling over det dei opplever som statlege godkjende overtramp mot natur og menneske, at grunnleggande lovverk som skal verne menneske, dyr og natur, blir tilsidesett og oversett.
Statsråden har sagt at rammeplanen er lagt bort og at konsesjonsvilkåra skal gjennomgåast på nytt- og at søknadane vert sett på vent inntil det er komme avklaringer på konsesjonssystemet. Dette har ikkje beroliga innbyggarane tilstrekkeleg, og utbyggarane fortset som før. Lite er og sagt om kva nye kreteriar som skal inn og kva som vert vektinga av dei ulike kreteriane. Innbyggarane er ikkje beroliga, noko desse seks ordførarane gjev klart uttrykk for.
Men statsråden sa i interpellasjonen at der det er stor motstand skal det ikkje bli gitt konsesjon.
No sit dei fleste med ei kjensle av at regjeringa har kjøpt seg eit pusterom- og ein sit att med manglande tillit og uroa over om ein faktisk vert lytta til.
Dette er bakgrunnen for at eg ber statsråden om eit klart svar slik at ordførarane og innbyggarane vert høyrde og respekterte for nei standpunktet sitt til vindkraft.
Den einaste måten er ved å få ein garanti for at konsesjonssøknader vert avslege i områder der det er stor lokal motstand.

Kjell-Børge Freiberg (FrP)

Svar

Kjell-Børge Freiberg: Jeg har ved flere anledninger den siste tiden gitt uttrykk for at prosedyrer og fremgangsmåte ved behandlingen av vindkraftsaker etter energiloven nå gjennomgås av departementet. På den måten skal vi sikre oss at vi i tiden som kommer skal ha et konsesjonssystem som på enda bedre vis skal ivareta de krav som også fremsettes lokalt og regionalt.
Inntil dette arbeidet er ferdigstilt, vil ingen nye meldinger eller konsesjonssøknader om vindkraftutbygging bli tatt til behandling.
Gjennom det arbeidet som nå pågår i departementet, skal vi sørge for at vi har et best mulig grunnlag fremover for å kunne avgjøre konsesjonssøknader etter energilovgivningen basert på en totalavveining av fordeler og ulemper for allmenne og private interesser.
Jeg går ut fra at vindkraftbransjen legger til grunn de signalene som nå er gitt for sin virksomhet på dette området i tiden fremover.