Skriftlig spørsmål fra Kirsti Leirtrø (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:299 (2019-2020)
Innlevert: 13.11.2019
Sendt: 14.11.2019
Besvart: 21.11.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Kirsti Leirtrø (A)

Spørsmål

Kirsti Leirtrø (A): Finnes det en plan for når alle statlige fergesamband går på klimavennlig teknologi?

Begrunnelse

I år signerte staten kontrakt om drift av verdens første hydrogenelektriske ferge. Statsbudsjettet for 2020 beskriver i post 72 Kjøp av riksveiferjetjenester behovet for samhandling mellom lade og fortøyningsinfrastruktur mellom fartøy og kai. Stortinget har vedtatt viktige klimamål for transportsektoren, og fergeflåten vår er en viktig del av dette målet. En plan bør inneholde antall riksvegsamband, antall år igjen av hvert anbud, kostnad ved etablering av infrastruktur, og tidspunkt for innfasing av klimavennlig teknologi.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Staten kjøper ferjetenester av private rederi, som eig og driftar ferjene. Implementering av låg- og nullutsleppsteknologi skjer derfor i hovudsak gjennom krav og insentiv i konkurransegrunnlaget for kjøp av ferjetenester etter kvart som nye kontraktar blir lyste ut.

Staten har dei siste åra stilt krav til låg- eller nullutsleppsteknologi ved utlysing av riksvegferjesamband, der teknologien legg til rette for det. Hausten 2019 vert biodiesel eller straum nytta som energikjede på 6 av 17 riksvegferjesamband. Av totalt 46 fartøy på riksvegferjesambanda, vert biodiesel eller straum nytta som energikjelde på 7 fartøy. 5 av sambanda, med totalt 16 ferjer, nyttar LNG som drivstoff. 6 av desse er gass-hybridar med batteripakker om bord. Basert på inngåtte kontraktar vil det bli innført ferjer med låg- og nullutsleppsteknologi i ei rekkje samband i åra som kjem. I 2020 og 2021 vil det bli sett i drift 12 ferjer som i hovudsak vil nytte straum frå straumnettet, og ei ferje som vil nytte minimum 50 pst. hydrogen.

Teknologiutviklinga i maritim sektor er rask, og som representanten nemner, er det inngått ein utviklingskontrakt for ei hydrogenelektrisk ferje. Eitt av måla med utviklingskontrakten er å kunne gi eit nullutsleppsalternativ på samband som ikkje er eigna utelukkande for elektrisk drift.

Vedlagt følgjer ei oversikt over tal på år som er att av kvar kontrakt på riksvegferjesamband per 1. januar 2020. Det finst ikkje ein plan for når alle statlege ferjesamband skal gå på klimavennleg teknologi. I forkant av kvar utlysing vert det gjort vurderingar av det teknologiske handlingsrommet på sambanda og meirkostnadar ved å stille krav til låg- og nullutsleppsteknologi. Krav til låg- og nullutsleppsteknologi vert m.a. vurdert opp mot kostnaden for miljøtiltaket og behov for eventuelle andre endringar i tilbodet på sambandet.

Vedlegg til svar