Skriftlig spørsmål fra Ruth Grung (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:305 (2019-2020)
Innlevert: 14.11.2019
Sendt: 14.11.2019
Besvart: 20.11.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ruth Grung (A)

Spørsmål

Ruth Grung (A): Regjeringen har gitt Avinor i oppdrag å legge til rette for elektriske fly i kommersiell luftfart. Flere aktører, og der i blant Avinor, arbeider for at den første kommersielle elektriske flytilbudet mellom Stavanger og Bergen skal være i drift fra 2023.
Vil realisering av kommersielle elektriske fly få konsekvenser for andre planlagte infrastrukturinvesteringer i samme region?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Regjeringa ønskjer å vere i front kva gjeld nye teknologiske løysingar for å gjere transportsektoren meir miljøvennleg. Regjeringa har difor bedt Avinor og Luftfartstilsynet arbeide med fremtidas teknologi for meir miljøvennleg luftfart. Avinor skal, saman med Luftfartstilsynet, etter planen før jul leggje fram for departementet eit program for innfasing av elektriske fly i norsk luftfart. Denne planen vil så bli handsama i Samferdselsdepartementet. Eg kjenner difor enno ikkje til kva Avinor og Luftfartstilsynet vil foreslå og kva resultatet av handsaminga av programmet vil vere. Det er difor på noverande tidspunkt for tidleg å meine noko om kva for konsekvensar dette vil kunne få for andre planlagde infrastrukturinvesteringar. Det er likevel lite sannsynleg at vi vil ha komersielle flygningar med el-fly i 2023 slik representanten antyder.
Regjeringa er oppteken av å ha eit godt fagleg beslutningsgrunnlag i samband med framlegginga av neste Nasjonale transportplan (NTP), kor ei heilskapleg vurdering av infrastrukturen i Norge skal omtalast. Dette programmet vil, i tillegg til rapport frå ekspertutvalet som har sett på teknologi og framtidas transportinfrastruktur og det regjeringsoppnemnde Luftfartsutvalet som ser på konkurransekraften i luftfarten, vere viktige kunnskapsgrunnlag for mellom anna den kommande NTP som Regjeringa vil leggje fram for Stortinget.