Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:323 (2019-2020)
Innlevert: 15.11.2019
Sendt: 18.11.2019
Besvart: 25.11.2019 av utenriksminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Korleis definerer utanriksministeren kva politikkområde det norske folk sa nei til å integrere landet vårt i då fleirtalet sa nei til EU i 1994, og meiner ho at regjeringa respekterer folkerøystinga i sin europapolitikk?

Begrunnelse

På møte i det danske utanriksdepartement og forsvarsdepartement vart Danmark sine ‘forbehold’ på fire område understreka. Det er tydeleg respekt for desse forbeholda, sjølv om enkelte nok skulle sett at dei var borte. I Noreg tilpassar regjeringa landet vårt til EU svært tett på mange område. På mange møte med EU-parlamentarikarar hevdar stortingspolitikarar at Noreg er så godt som medlem.

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: I folkerøystinga i 1994 blei veljarane bedne om å ta stilling til om Noreg skulle bli medlem av EU eller ikkje. Eit fleirtal på 52,2 prosent stemte nei til medlemskap. Folk stemte ikkje nei til europeisk samarbeid.
Denne regjeringa respekterer og legg resultatet av folkerøystinga til grunn for sin europapolitikk, slik alle norske regjeringar etter 1994 har gjort. Noreg er ikkje medlem av EU. Som våre forgjengarar, freistar også denne regjeringa å gripe dei moglegheitene EØS-avtalen og våre andre samarbeidsordningar med EU gir for å fremje norske og felleseuropeiske interesser. Det er stor støtte til EØS-avtalen i Noreg. Ei spørjeundersøking (Sentio/NUPI) viste nyleg at sju av ti nordmenn meiner EØS-avtalen er ein god avtale for landet.