Hadia Tajik (A): Vil regjeringa ta initiativ til å gjere det mogleg for nye Stavanger å samordne alle deler ved eigedomsskatten, inkludert takstgrunnlag, bunnfradrag, skattesats og utskrivingsalternativ for 2020?
Begrunnelse
Regjeringa har i samband med stats- og nasjonalbudsjettet 2020 gjort framlegg om nye reglar for samordning av eigedomsskatt ved kommunesamanslåing. For nye Stavanger inneber dette at kommunane Finnøy, Rennesøy og Stavanger samt grensejustering på Ombo vil få eit fall i inntekt frå eigedomsskatt på kr 70 mill. kr i 2020. Dette vil få store konsekvensar for det økonomiske handlingsrommet i det fyrste året for den nye kommunen. Reglendringane har ikkje vore mogleg å forutsjå, eller planlegge for.