Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:384 (2019-2020) Innlevert: 24.11.2019 Sendt: 25.11.2019 Besvart: 27.11.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Arne Nævra (SV): 6.11.19 svarer statsråden meg på spørsmålet om hvorfor regjeringen innstiller på å gå imot vedtaket i Stortinget om å utarbeide en miljøbonusordning for vinnerne av kystruteanbudet ut fra at dette ikke er mulig i forhold til statsstøtteregelverket. Han svarer blant annet: "Den utgreiinga vi har gjort, viser at det er lite rom for å leggje til rette for ein slik miljøbonus som Stortinget skisserer i sitt oppmodingsvedtak [...]"Kan statsråden gi den utfyllende, juridiske betraktningen for dette her, eller oversende utredningen?
Jon Georg Dale: Konkurranse om leveranse av sjøtransporttenester på strekninga Bergen - Kirkenes blei lyst ut 19. september 2017. Det blei utlyst tre delkontraktar med til saman elleve ruter. I konkurransegrunnlaget blei det stilt krav om at CO2-utsleppa skulle ned med minst 25 pst. i snitt samanlikna med nivået i dag, at skipa er tilrettelagde for mottak av landstraum og forbod mot bruk av tungolje på heile strekninga. Nivået på krava var mellom anna basert på ei avveging av potensialet for reduksjonar av utslepp og forventa kostnadar for å gjennomføre tiltak.Kort tid før tilbodsfristen, i samband med handsaminga av Innst. 95 S (2017-2018) 20. desember 2017, fatta Stortinget vedtak nr. 391: "Stortinget ber regjeringen forhandle fram ei avtale om miljøbonus der rederi kan bli kompensert for kvart tonn CO2 som vert redusert utover krava i anbodet i løpet av kontraktperioden, etter at kontrakt med operatøren(ane) i Kystruta er inngått."Samferdselsdepartementet la inn ein omtale av oppmodingsvedtaket i vedlegget til konkurransegrunnlaget med bakgrunnsinformasjon, under punktet om klima og miljøtiltak med følgande merknad: "Oppdragsgiver vil følge opp dette vedtaket innenfor rammene av statsstøtteregelverket og anskaffelsesregelverket, jf. særlig konsesjonskontraktforskriften kapittel 13. Dialog og forhandlinger om en bonus vil skje etter inngåelse av kontrakten(e). Departementet har på nåværende tidspunkt ikke tatt stilling til bonusens størrelse, innretning eller tidspunktet for forhandling om en bonus." Tilbodsfristen blei utsatt med åtte dagar.23. mars 2018 kunngjorde departementet at Hurtigruten AS og Havila Holding AS var vinnarane av konkurransen. Seinare same år, 16. august 2018, konkluderte ESA med at kystrutekontraktane ikkje innebar ulovleg statsstøtte.Fordi miljøbonusen ikkje var med i grunnlaget for konkurransen når den blei lyst ut, vil ein miljøbonus berre for Hurtigruten og Havila reknast som statsstøtte som ikkje er tildelt gjennom open konkurranse. For at ein miljøbonus skal vere i tråd med statsstøttereglane, må støtta gjelde investeringar i utslippsreduserande tiltak og berre dekke maksimalt 40 pst. av meirkostnaden til ulønnsame tiltak. Ein miljøbonus etter ordlyden i Stortinget sitt vedtak om å gi bonus for kvart tonn CO2 som blir redusert utover krava i kontrakten, er dermed ikkje mogleg å realisere innanfor rammene av statsstøttereglane.Ein miljøbonus er ikkje ein del av dei inngåtte kontraktane, og storleiken på ein miljøbonus kan etter anskaffingsreglane ikkje vere ei vesentleg endring av kontraktane. Ei endring vil uansett vurderast som vesentlig dersom ho ville ha ført til at andre leverandører kunne ha deltatt i konkurransen, eller at kontrakten ville ha blitt tildelt ein annan leverandør. I tråd med oppmodingsvedtaket har departementet etter at kontraktane blei inngått ført dialog med leverandørane om potensialet for å redusere utsleppa med ein miljøbonus. Ut frå departementet sine vurderingar av dei rettslege rammene for ein mogleg miljøbonus, har leverandørane uttrykt at ein miljøbonus vil gi avgrensa insentiv til ytterlegare miljøtiltak.Enova har allereie opne ordningar, som er treffsikre og relevante for utsleppsreduserande tiltak på kystruta, og som i sum utgjør vesentleg større støttepotensial for reiarane enn ei øyremerka bonusordning. Enova har gitt 88 mill. kr i tilskot til Havila sine nybygg og 45,1 mill. kr til Hurtigruten sine ekspedisjonsskip. Havila-konsernet har også fått 42 mill. kr gjennom Pilot-E til å kombinere batteri og hydrogen-brenselceller, med moglegheit for samla støtte på om lag 104 mill. kr. Enova har i tillegg gitt støtte til utbygging av landstraum til kystrutekaier i Bergen, Trondheim, Tromsø, Bodø og Ålesund.Staten har også inngått ein avtale med næringslivet for perioden 2018-2025 om å redusere NOx-utslipp, der mange tiltak også inneber reduserte CO2-utslepp. NOx-fondet har tildelt støtte til LNG-motorar og batteripakkar til Havila på 327 mill. kroner og til Hurtigruten på 625 mill. kroner.