Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:436 (2019-2020)
Innlevert: 01.12.2019
Sendt: 02.12.2019
Besvart: 09.12.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): NRK har avslørt, nye, urovekkende forhold rundt bompengeselskapet Ferde AS, og nå sist gjelder det administrerende direktørs disposisjoner, eierinteresser og tidsforbruk.
Hvor alvorlig ser statsråden på at tilliten til forvaltningen av folks innbetalte bompenger dermed står i fare, hva vil statsråden ta av grep i denne saken, og kan han i den forbindelse tenke seg å utrede en statlig innkrevingsordning parallelt med utredningen av et veiprisingssystem som nå utredes?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg ser alvorlig på dei oppslaga som har vore kring Ferde AS. Eg er oppteken av at bompengane for bilistane skal være minst mogleg. Det er avgjerande at bompengane ikkje vert brukt til annan aktivitet, slik oppslaga indikerer.
Dei fem regionale bompengeselskapa er alle aksjeselskap, heileigde av fylkeskommunane. Eg legg til grunn at dei forvaltar eigarskapen på ein profesjonell måte. Samstundes har eg sendt eigarane av Ferde ei oppmoding om å gå grundig inn i denne problemstillinga i lys av medieoppslaga rundt selskapet.
Eg er vidare kjent med at styret i Ferde AS har fått utarbeidd ein rapport med ei uavhengig vurdering av forhold i Ferde AS. Denne rapporten har Ferde AS nyleg gjort offentleg. I tillegg har eigarane starta selskapskontroll av selskapet. Eg har merka meg funna i den tidlegare gjennomgangen av Fjellinjen og no hos Ferde. I lys av funna i dei eksterne gjennomgangane, og den siste tida si medieomtale av ulike forhold i selskapa, har eg oppmoda fylkeskommunane som eigarar om å gjennomføre slike eksterne gjennomgangar med samlege bompengeselskap.
Samferdselsdepartementet vil på si side følgje opp intensjonen med bompengereforma for å få ei meir effektiv forvaltning av bompengane. Ansvaret med å følgje opp at dei regionale bompengeselskapa etterlever vilkåra i bompengeavtalen har Samferdselsdepartementet delegert til Statens vegvesen. Eg vil be Statens vegvesen som tilsynsstyresmakt om å følge med på resultatet av granskingane av bompengeselskapa.