Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:500 (2019-2020) Innlevert: 06.12.2019 Sendt: 09.12.2019 Besvart: 12.12.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Arne Nævra (SV): Det har lenge vært en erklært sannhet at ny Oslotunnel er avgjørende for å løse opp i flaskehalsen på togtrafikken rundt Oslo. Men mye tyder på at det er en stor, skjult kapasitet i trafikken vestover ved å la tog til Skøyen/Stabekk fortsette videre og at Flytoget, som har halvfylte vogner til Oslo, nyttes fullt ut.Vil statsråden vurdere hva disse og liknende tiltak betyr for å utsette byggingen av tunnelen og heller bruke midlene på andre togstrekninger der det er store behov?
Jon Georg Dale: Omlegging av rutetilbodet i 2012/2014 hadde som målsetjing å tilby eit nytt togtilbod inn og ut av Oslo og leggje til rette for at fleire veljar tog som transportmiddel til arbeid og fritid. Omlegging av tilbodet har vore ein suksess, men også ført til stor trafikkauka. I åra som kjem vil jernbana passere 80 millionar reiser i året. Dette krev ei langsiktig og heilskapleg planlegging av togtilbodet på kort og på lang sikt.Eg er oppteken av at dei reisande skal få eit betre togtilbod. Difor bad eg Jernbanedirektoratet om å sjå på moglegheitene for å utvide rushtida på Austlandet. Vurderingane til Jernbanedirektoratet har teke utgangspunkt i eksisterande infrastruktur og dagens togmateriell. Frå 15. desember i år blir det rundt 4 000 fleire sitjeplassar inn mot Oslo i morgenrushet og rundt 3 200 fleire sitjeplassar ut av Oslo i ettermiddagsrushet. Dei nye avgangene og den auka setekapasiteten er moglig fordi tidligare NSB og no Norske tog har utvida og fornya deler av togparken. Eg har også bedt direktoratet sjå på meir kapasitetssterkt materiell.På sikt skal Jernbanedirektoratet sin nye rutemodell, Rutemodell 2027 gje eit betre tilbod for dei reisande på Austlandet, med ein auke i frekvens på mange strekningar, noko som gjev redusert ventetid og betre plass om bord. Dette vil vere mogleg mellom anna som følgje av ferdigstillinga av Follobanen og ombygginga av Brynsbakken.Samferdselsdepartementet har og bedt Jernbanedirektoratet om å sjå nærare på andre kapasitetsaukande tiltak, mellom anna fordeling av kapasiteten i Osloområdet for å gje ei meir effektiv utnytting av tilgjengeleg kapasitet om bord på toga og på skinna. Dette arbeidet blir no ferdigstilt.Det er likevel viktig å understreka at sjølv med dei ovannemnde tiltaka, vil det framleis vera behov for ein ny Oslotunnel for å ta hand om den forventa trafikkveksten og for å gjere jernbanesystemet meir robust. I statsbudsjettet for 2020 har regjeringa satt av pengar til vidare planlegging av ny jernbanetunnel gjennom Oslo.