Skriftlig spørsmål fra Sverre Myrli (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:537 (2019-2020)
Innlevert: 12.12.2019
Sendt: 13.12.2019
Besvart: 19.12.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Sverre Myrli (A)

Spørsmål

Sverre Myrli (A): Fra ulike hold er det lansert forslag om å anlegge et kollektivfelt mellom Kringenkrysset (kryss riksveg 22/fylkesveg 170) og dagens Fetsund bru, slik at busser kan komme raskere frem.
Er dette vurdert fra vegmyndighetene, hvordan vurderer statsråden situasjonen, og vil han foreta seg noe for å få på plass et slikt kollektivfelt?

Begrunnelse

Ny bru på riksveg 22 over Glomma på Fetsund i Akershus lar vente på seg. I mens øker køene og pendlerne blir mer og mer frustrerte. Siden det ikke finnes omkjøringsveger står bussene i samme kø som privatbilene.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Statens vegvesen gjer kontinuerlege vurderingar av tiltak som kan betre framkomsten aust for Fetsundbrua i rushtid. I tråd med Nasjonal transportplan 2018-2029 planlegg Statens vegvesen ny firefelts veg over Glomma. Da vil det bli vesentleg høgare kapasitet enn i dagens vegsystem og dei problema vi ser i dag med trafikkavvikling vil forsvinne.
Etter at rv 22 var ferdig bygd som firefelts veg mellom Lillestrøm og Gardervegen (Fetsund) i 2015, blei det i 2016 etablert ei ny rundkøyring til erstatning for eit signalregulert kryss på rv 22 vest for Glomma. Rundkøyringa vest for Glomma har medverka til noko betre trafikkavvikling i krysset og trafikkflyt i området. Effekten er likevel ikkje stor nok til at ein har fått betydeleg reduksjon i problema med trafikkavvikling på rv 22. I 2018 ble det etablert eit kort filterfelt for buss og det blei teke i bruk ein ny haldeplass rett aust for dagens bru, slik at bussane ikkje må køyre av rv 22 for å plukke opp passasjerar. Statens vegvesen seier at eit kollektivfelt mellom Kringenkrysset og rundkøyringa aust for Glomma er mogleg reint teknisk, men at det vil krevje omfattande inngrep i sideterreng. Tiltaket vil derfor vere kostbart og krevjande, samt gi omfattande trafikale utfordringar i ein anleggsperiode. Eit slikt tiltak vil krevje ein eigen planprosess og finansiering. I lys av planane for ny firefelts veg, er det ikkje utarbeidt planar eller kostnadsoverslag for kollektivfelt i dette området (rv 22/fv 170).
Kommunedelplanen for ny Glommakryssing er sendt til Fet kommune for sluttbehandling. Fet kommune blir slått saman med Skedsmo og Sørum kommunar frå 1. januar 2020. Planen vil behandlast våren 2020 i nye Lillestrøm kommune. Deretter kan arbeidet med regulering kome i gong.