Hadia Tajik (A): Vil statsråden be om at sædprøver i norske sædbankar som elles ville vorte destruert i året som kjem, likevel ikkje vert destruert, av respekt for at Stortinget kan kome til å endre bioteknologiloven på dette punktet?
Begrunnelse
Bioteknologiloven gjev gifte og sambuarar rett til assistert befruktning, men tillet ikkje at sæd kan verte utlevert til assistert befrukting etter at donor ikkje lenger er i live. I bioteknologiloven § 2-11, tredje ledd, står det: «Sæd kan ikke utleveres til assistert befruktning etter givers død». Føresegna seier ikkje noko om lagring av sæd etter at ektefelle eller sambuar har gått bort, men destruksjon av alle sædprøver frå ein donor som ikkje lenger er i live er dagens praksis i norske sædbankar.
Endringar i bioteknologiloven vert lagt fram av regjeringa 13.12.2019 og Stortinget skal ta stilling til framlegget i 2020. Som ein del av handsaminga må Stortinget òg ta stilling til § 2-11, tredje ledd, og ei eventuell endring, dersom Stortinget sjølv vil det.