Skriftlig spørsmål fra Helge Orten (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:571 (2019-2020)
Innlevert: 16.12.2019
Sendt: 16.12.2019
Besvart: 09.01.2020 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Helge Orten (H)

Spørsmål

Helge Orten (H): Hva hadde konsekvensene for samferdselsdepartementet og underliggende etater vært dersom Senterpartiet og Arbeiderpartiet hadde fått gjennomslag for å kutte konsulentbruken med henholdsvis 209,4 og 512,1 millioner kroner?

Begrunnelse

Dette spørsmålet er en oppfølging av skriftlig spørsmål Dokument 15:467 (2019-2020) der det i svaret fremkommer den regnskapsførte bruken av konsulentbruken i staten utgjør for hvert departement. Arbeiderpartiet og Senterpartiet har i sine alternative budsjetter foreslått å kutte konsulentbruken i staten med henholdsvis 1 766 og 862 mill. kroner. Per 3. kvartal 2019 utgjør samferdselsdepartements andel av de totale regnskapsførte utgiftene i staten til konsulentbruk 29 prosent. Dersom et slikt kutt ble gjennomført ville det innebære et kutt for samferdselsdepartement på henholdsvis 209,4 og 512,1 millioner kroner.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Spørsmålet er ei oppfølging av svar frå finansministeren på spørsmål nr. 467. I svaret frå finansministeren går det fram at per tredje kvartal 2019 utgjorde utgiftene til konsulenttenester på artskonti 670-673 for Samferdselsdepartementet og underliggjande etatar i alt 1 734,3 mill. kr. Dette gir eit bilete av konsulentbruken i dei einskilde verksemdene, men vil ikkje vere heilt dekkjande fordi utbetalingane ikkje skjer jamt over året.
Det er ikkje eit mål for regjeringa å bruke mest mogleg konsulentar, men tvert om er det viktig for oss å innrette arbeidet i staten slik at vi får mest mogleg infrastruktur att for kvar krone, Det gjer at kjøp av konsulentar skjer av ulike årsaker. Nokre kjøp skjer fordi ein har behov for spesialkompetanse som det ikkje er hensiktsmessig å byggje opp i verksemda t.d. juridiske tenester, utvikling og implementering av datasystem og andre utviklingsoppgåver. For dei av etatane som har ansvaret for utbyggingsprosjekt blir konsulentar nytta i planlegging og prosjektering av prosjekt. Dette skjer for å ha muligheit til å halde tempoet oppe i utbygging av nye infrastruktur. I den samanheng viser eg til at det var relativt få prosjekt som var ferdig planlagde når denne regjeringa overtok i 2013, Styrking av planleggingsarbeidet har difor vore eit viktig grunnlag for det høge tempoet som har vore i utbygging av veg og jernbane under denne regjeringa.
Eit kutt i midlar til konsulentprosjekt vil påverke aktiviteten til departementet og etatane. Det vil føre til at oppgåver vil måtte utsetjast t.d. digitaliseringsprosjekt og utvikling av sjølvbeteningsløysingar. Det vil gi eit dårlegare kunnskapsgrunnlag. Vidare vil planlegging og førebuingar av prioriterte prosjekt kunne bli vesentleg forseinka eller måtte utsetjast. Dette kuttet på Samferdselsdepartementet vil altså kunne ha stor påverknad på framdrifta i viktige samferdselsprosjekt.
Den største delen av Kystverkets konsulentutgifter er knytt til utvikling/drift av datasystem og programvare. Dette er programvare som lar Kystverket drive effektiv produksjon og tenesteyting, men òg programvare som er brukarretta. Vidare er delar av konsulentbruken ein direkte følgje av enkeltprosjekt som t.d. arbeidet med U-864.
Mykje av planlegginga etter plan- og bygningslova i Statens vegvesen skjer ved hjelp av innleidde konsulentar. Statens vegvesen bruker òg mykje konsulentar til å prosjektere prosjekta. Eit pålagt kutt i konsulentbruken vil redusere handlingsrommet for Statens vegvesen betydeleg, og vil mest sannsynleg føre til forseinkingar i planlegginga av nye prosjekt og førebuingane av allereie prioriterte prosjekt som er prioritert i Nasjonal transportplan 2018–2029), Døme på dette er E39 Hordfast, E39 Rogfast og E18 Lysaker – Ramstadsletta.
Vidare nyttar Statens vegvesen eksterne konsulentar i arbeidet med verksemdsutviklingsprosjekt og utvikling av IKT-system. Dette gjeld m.a. utvikling og implementering innanfor Nasjonal Vegdatabank og Vegtrafikksentralane, digitalisering av vegtransport og utvikling av sjølvbeteningsløysingar på trafikant- og køyretøyområdet. Kutt i konsulentbruken vil derfor føre til redusert takt i utviklinga innanfor desse områda. Dette kan vidare resultere i redusert framkome og trafikktryggleik.
For jernbanen er òg bruk av konsulentar viktig både i drifta av etaten og i planlegginga og utgreiinga av nye jernbaneprosjekt i tidleg fase. Eit krav om redusert konsulentbruk vil som for dei andre transportformene kunne forseinke prosjekt eller gi eit dårlegare kunnskapsgrunnlag som vil kunne få konsekvensar for prosjekt på eit seinare tidspunkt. Kutt i bruk av konsulenttenester vil derfor kunne påverke kunnskapsnivå og framdrifta til planlegging av tiltak for å ta i bruk nye persontog, planlegging av godstiltak prioritert i Nasjonal transportplan 2018-2029, og utredningsgrunnlag for Nasjonal transportplan 2022–2033, som for eksempel konseptvalgutredningar, rutemodellar og effektiv bruk av infrastrukturen.