Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:576 (2019-2020) Innlevert: 16.12.2019 Sendt: 17.12.2019 Besvart: 30.12.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Nils Kristen Sandtrøen (A): Har samferdselsdepartementet kjennskap til resultater fra forsøkene i Canada, og mener samferdselsministeren dette kan være aktuelt å teste ut i Norge hvis resultatene har vært positive?
I byen Rosemere i Quebec i Canada har de testet bruk av treflis på vegene for å sikre biler bedre framkommelighet på is og snø.
Jon Georg Dale: Samferdselsdepartementet har ikkje konkret kjennskap til dei testane som er gjennomført i Rosemere i Canada, men er kjent med produktet som er kalla for «Stop Gliss Bio eller Eco Ice Grip». Produktet er utvikla og patentert i Sveits og er mellom anna testa ut på gang- og sykkelvegar i Finland.Ifølgje produsenten, er dette eit produkt som er egna for gang- og sykkelvegar, offentlege og private gardsplassar, parkeringsplassar og lågtrafikkerte vegar med fartsgrense under 40 km/t med snødekt vegbane. Årsaka er at treflisa er svært lett og er difor utsett for vind og turbulens frå bilar. Testresultata frå Finland støttar dette og viser at produktet har eit noko avgrensa bruksområde. Treflisane kan brukast som eit alternativ til strøsand på gang- og sykkelvegar med snøsåle i typisk innlandsklima. Testane viser ei avgrensa varigheit i bakkar, vindutsette stadar, i umiddelbar nærleik til bilveg eller stadar der det er kryssande biltrafikk. Produktet har høgare produksjonskostnadar og det trengs større mengd av produktet samanlikna med tradisjonell strøsand. Finland oppgir at treflisane er 8 gonger dyrare per km gang- og sykkelveg enn tradisjonell strøsand. Sveits anslår prisen å være 6 gonger dyrare enn strøsand.På bakgrunn av produsenten si eiga anbefaling og dei testane som er gjennomført i Finland vil ikkje Statens Vegvesen anbefale å teste produktet på ein bilveg. SVV meiner det finst eit betre norsk alternativ, nemleg fastsand. Fastsand (varm sand) er en forholdsvis ny metode kor sand vert blanda med varmt vatn med ein temperatur på 90-95 gradar. Når denne blandinga av sand og varmt vatn treff ein kald snø- eller issåle vil blandinga fryse fast og skape ein sandpapireffekt som gjer ein god friksjon/godt veggrep. Metoden egnar seg når det er kaldt klima og vil i slike periodar skape både høgare friksjon og lengre varigheit enn tradisjonell tørrsanding.Bruken av fastsand i Norge har auka dei siste årane og det er en ønska utvikling. Sist vintersesong var om lag 20 % av det totale sandforbruket fastsand. Statens vegvesen testar no også fastsand på ein gang- og sykkelveg i Kongsvinger og dei trur at metoden kan gje lengre varigheit, mindre materialbruk og auka sikkerheit og framkommelegheit også for syklande og gåande.Eg meiner uansett at vi alltid skal være opne for å ta i bruk nye produkt som viser seg effektive, herunder trebaserte produkt. Det er likevel Statens vegvesen som er dei som må gjere dei konkrete vurderingane av dette.