Skriftlig spørsmål fra Elise Waagen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:578 (2019-2020)
Innlevert: 17.12.2019
Sendt: 17.12.2019
Besvart: 20.12.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Elise Waagen (A)

Spørsmål

Elise Waagen (A): Har departementet vurdert om kjøring i regi av kommuner utløser løyveplikt dersom kommunen henholdsvis tar betalt og ikke tar betalt for transporttjenesten, og har statsråden gjort en vurdering av om eventuelt krav om løyve er den best egnede måten å regulere kommuners transportvirksomhet?

Begrunnelse

Viser til brev fra Sarpsborg kommune til Samferdselsdepartementet sendt 1. november. Brevet omhandler tolkning av yrkestransportlova § 4 – løyve.
Sarpsborg kommune kjører eldre og personer med funksjonsnedsettelse til kommunens dagsentre.
Kommunen tar ikke betalt for bruk av dagsentre, men krever dekket transport med kr. 70,- pr bruker pr. dag. Sarpsborg kommune oppgir at de årlige kostnadene som knytter seg mot transport av brukere til og fra dagsenter/aktivitetssenter beregnet til ca. 10 millioner kroner og inntekt fra egenandel fra brukere er ca. 800 000 kroner.
Det er knyttet usikkerhet til regelverket. Sarpsborg kommune har derfor bedt om en avklaring om forholdene beskrevet utløser løyveplikt. Undertegnede forutsetter at dette er en avklaring som er nødvendig for flere kommuner.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Den som skal drive persontransport mot vederlag må ha løyve etter yrkestransportlova.
Krava som er sett i yrkestransportlova gjeld både i privat og offentleg sektor.
Når ein kommune regelmessig driv persontransport til og frå dagsenter, vil transporten krevje løyve dersom det vert krevd eigendelar av dei som nyttar transporten. Dette gjeld uavhengig av storleiken på eigendelane, eller om transporten har eit kommersielt formål. Når det gjeld bruk av køyretøy registrert for meir enn 9 personar må ein ta omsyn til regelverk som er ein del av EØS avtalen.
Det kan vere løyveplikt sjølv om det er andre enn passasjerane som som betaler eller finansierer transporten. Det vert ikkje rekna som vederlag dersom transporten fullt ut vert finansiert av ein institusjon/verksemd som sjølv eig eller disponerar køyretøyet og førar er tilsett same stad. Føresetnaden for dette er at vedkommande institusjon/verksemd ikkje leverer kommersielle tenester.
Ikkje minst av omsyn til brukarane meiner eg at transporten som nemnt ovanfor bør utførast av innehavarar av løyve dersom det finst tilgjengeleg transporttilbod med løyve som kan utføre transporten. Det er sett særskilde krav til sjåførar i løyvepliktig persontransport og krav til årleg periodisk køyretøykontroll for køyretøy som vert brukt i løyvepliktig verksemd.
Det er i dag høve for kommunar å kunne få løyve for persontransport med buss dersom dei ønskjer å drive persontransport mot vederlag. Etter 1. juli 2020 vert behovsprøvinga av m.a. drosje opheva og kommunar vil kunne dra nytte av større konkurranse om offentlege transportoppdrag enn det som er tilfelle i dag.