Jenny Klinge (Sp): Korleis vurderer statsråden at det billigaste alternativet på strekninga E136 Flatmark–Monge er i samsvar med Stortingets mål om å redusere nedbygginga av dyrka mark og omsynet til etablerte verneområde, og er statleg plan rett å bruke i slik sak?
Begrunnelse
Når vegprosjekt skal planleggjast, er det ein fordel om alle involverte partar blir einige om ei løysing. Dette var tilfellet då ein i 2008 godkjente kommunedelplanen for Flatmark-Monge på E136, sjølv om det å finne ei løysing for strekninga innebar særs vanskelege avvegingar.
No har Statens Vegvesen (SVV) sett i gang eit arbeid med å oppgradere planen i tråd med nye vegstandardar. SVV har teke utgangspunkt i Samferdselsdepartementets føringar om kostnadsstyring og vurdert andre og rimelegare alternativ til den opprinneleg løysinga. SVV meiner at det billigaste alternativet som ligg føre bør leggjast til grunn for eit nytt styringsmål for prosjektet. Det nye alternativet inneber nedbygging av mykje dyrka mark, det kjem i konflikt med vedteke verneområde og omsynet til nærings- og kulturinteresser. Rauma kommunestyre var i sommar på synfaring i det aktuelle området. Seinare har SVV nemnt for leiinga i Rauma kommune at dei vil bruke ei statleg plan, noko kommunen har uttalt seg slik om: «Rauma kommune finner det merkelig at et så sterkt virkemiddel skal kunne tas i bruk på nåværende stadium i prosessen.» Kommunen legg til at bruk av statleg plan vil vera ei «overkjøring av lokalt og regionalt selvstyre», og ber om at vanlege planprosessar blir brukt i saka vidare.