Svar
Jon Georg Dale: Krava til universell utforming blir stadig strengare. Det er nødvendig og for regjeringa er det viktig at vi legg til rette for eit transportsystem som er tilgjengeleg for alle. Dei siste åra har vi kjøpt stadig nye togsett, Når vi skaffar nye tog, set vi krav til at desse er universelt utforma.
I tillegg har vi framleis ein del eldre matriell, som er tilpassa dei krava som var stilt når desse var kjøpte inn. Når dette eldre matriellet gjennomgår vesentlege oppgraderingar skal til kvar tid gjeldande krav oppfyllast, og vert tilgjengelegheita også betra på desse avgongane.
Eg har stor forståing for at passasjerer som møter opp på togstasjonen og forventar å kome med toget opplev stor frustrasjon over slike opplevingar som representanten viser til i sitt spørsmål.
Dei vanlegaste lokaltoga på Austlandet er Flirt (type 75). Desse går på linjene L3 (Oslo S – Jaren), L12 (Kongsberg – Eidsvoll), L13 (Drammen – Dal), L14 (Asker – Kongsvinger), L21 (Stabekk – Moss) og L22 (Skøyen – Moss). Flirt-toga vart sett i trafikk frå 2012, og er designa ut ifrå gjeldande krav til universell utforming den gongen, med einskilde tillegg mellom anna basert på innspel frå interesseorganisasjonar for funksjonshemma. Eksempelvis vart toaletta bestilte noko større enn standard, og det er avsett plass til fire rullestolar per togsett, noko som er det dobbelte av minstekravet. Det er òg teleslynge i heile togsettet, og ei av vognene er merkte «dyrefri» for å gi eit betre tilbod til reisande som er allergiske mot dyrehår. Togsettet har fått pris for universell utforming.
Totalt sett låg desse toga over dei krava som gjaldt då dei vart tekne i bruk, og gjer det framleis i høve til dei nyaste krava til universell utforming. Når det gjeld storleik på rullestolar, er krava i dag i hovudsak samsvarande med dei krava som gjaldt den gongen. Flirt (type 75) er designa for å kunna ta med rullestolar innanfor ein storleik på 1200x700 mm, med ei maksimal vekt på 350 kilo inkluderte passasjar. Dette er det same som for Flytoget. Felleseuropeiske krav for rullestol i både tog og buss er 1200x700 mm, med ei maksimal vekt på 300 kilo.
Vy Tog opplyser at selskapet har vore i kontakt med NAV fleire gonger i forhold til storleikskravet. NAV fortel at rutinen er å informerer alle som skal ha rullestol om storleikskravet for rullestol på tog og buss, slik at brukaren kan vurdera rullestolen i høve til sitt eiget behov og eigne bruk. Dette inneber at NAV kan tildela rullestolar som er for store til å nyttast på tog eller buss, men då skal brukaren vera informert av NAV om dette.
Det er berre linjene L1 (Spikkestad – Lillestrøm) og L2 (Skøyen – Ski) som går med høvesvis Type 72 og Type 69. Begge er produserte og sett i trafikk før noko regelverk var påtenkt, og har plass til ein rullestol per togsett. Alle Type 72, og ca. halvparten av Type 69, har handikaptoalett. Om bordstiging er dels med ombordheis eller ombordrampe, dels med stasjonsbasert rampe. Toga tek rullestolar av same storleik som på Flirt. Det største problemet på L1 og L2 er likevel ikkje togsetta, men infrastrukturen. På desse linjene har fleire stasjonar berre trappeframkome, og er såleis utilgjengelege for rullestolbrukarar. Andre har så bratte ramper at rullestolbrukarar må ha bistand for å nytta dei.
I statsbudsjettet for 2020 er det sett av 280 millionar kroner for å betra kapasiteten, tilgjengelegheita og sikkerheita på togstasjonar. Stasjonar med flest av- og påstigningar er prioriterte. I Oslo-området startar planleggingsarbeidet for Grorud stasjon i 2020. For stasjonane Oslo S, Nationaltheatret, Skøyen og Asker vart det inngått to avtalar om planlegging (forenkla hovudplan) sommaren 2019. Arbeidet gjerast i Bane NOR, og har leveransefrist ved utgangen av 2020. På Nationaltheatret stasjon skal det i 2020 òg installerast brannvarsling for høyrslehemma.
Jernbanedirektoratet har god og jamleg dialog med Noregs Handikapforbund, Blindeforbundet, Hørselshemmedes Landsforbund og Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon gjennom arbeidet i Toggruppen for universell utforming. Ved planlegging og innkjøp av nytt togmateriell inviterast brukarorganisasjonane til å koma med synspunkt og forslag.