Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:603 (2019-2020) Innlevert: 19.12.2019 Sendt: 20.12.2019 Besvart: 08.01.2020 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Arne Nævra (SV): Mange er opptatt av at Statens vegvesens omfattende omorganisering kan gå utover gjennomføring av Stortingsvedtakene om skifte til fornybar og utslippsfri transport.Kan statsråden garantere at arbeidet med å følge opp disse vedtakene, og at det svært viktige arbeidet SVV gjør for nullutslipp ferger, ikke blir svekket i forbindelse med omorganisering og flytting av fergeavdelingen?
Jon Georg Dale: Statens vegvesen har nytta sitt handlingsrom i riksvegferjetenesteinnkjøpa aktivt for utvikling og innføring av ny miljøvenleg teknologi. Dette er gjort som følgje av dei overordna politiske føringane for både å redusere utsleppa frå ferjedrifta og for å nytta det offentlege kjøpet som verkemiddel for å utvikla norsk maritim næring.I samband med omorganiseringa av Statens vegvesen er det oppretta ein eigen landsdekkande ferjeavdeling i Statens vegvesen. Ferjeavdelinga har ansvar for kjøp og oppfølging av ferjekontraktar på riksvegnettet samt forvaltningsoppgåver for riksvegferjesambanda. Ambisjonen er at etablering av ein landsdekkande ferjeavdeling skal bidra til å gjere Statens vegvesen sine innkjøp av ferjetenester og oppfølging av ferjekontraktar på riksveg enda betre og meir profesjonelle.Den nye ferjeavdelinga er ein del av den nye Drifts- og vedlikehaldsdivisjonen. Divisjonen vil for ferjeområdet, på same måte som innanfor drifts- og vedlikehaldsområdet for øvrig, vere staten sitt innkjøpsorgan for drifts- og vedlikehaldstenester for riksvegane. Desse tenestene vil bli kjøpt inn i tråd med det som det som til ein kvar tid er staten sin politikk på desse områda. Til dømes er krav til null- og lågutsleppsteknologi ei sentral føring for statens innkjøp av riksvegferjetenester som naturlegvis blir vidareført i ny organisasjon.Som del av sams vegadministrasjon har Statens vegvesen fram til no kjøpt inn ferjetenester og følgt opp ferjekontraktar for ei rekke fylkeskommunar. Frå 1.1.2020 har Statens vegvesen ikkje lengre ha nokon rolle i drifta av fylkesferjesambanda og dei ressursmessige rammene for den nye ferjeavdelinga i Statens vegvesen er satt ut i frå dette.