Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:634 (2019-2020) Innlevert: 03.01.2020 Sendt: 03.01.2020 Besvart: 10.01.2020 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Marit Knutsdatter Strand (Sp): Viser til endringer i yrkestransportloven for drosjer. Det er flere utfordringer knyttet til hva slags tilbud og arbeidsforhold det blir i drosjebransjen. Viser òg til høringssvaret fra Oppland Fylkeskommune. Hvordan mener statsråden samkjøring av statlige, fylkeskommunale og kommunale anbud skal skje, i hvor stor grad skal fylker stå administrativt og økonomisk ansvarlig for å sikre et drosjetilbud med eneretter der det ikke er kommersielt lønnsomt, og hvorfor kan ikke fylker få fullmakter til å hele forvalte tilbudet?
Jon Georg Dale: Eg er oppteken av at drosjemarknaden i heile landet skal fungere godt. Dei regelendringane som er vedtekne på drosjeområdet skal leggje til rette for større fleksibilitet, betre konkurranse og moglegheit for innovasjon i næringa.Ulike aktørar har både i dag og i framtida behov for å kjøpe drosjetenester i marknaden. Ansvaret for ulike tenester er lagt til ulike nivå hos styresmaktene. Det er opp til fylkeskommunane og andre ansvarlege styresmakter, som helseføretaka, å vurdere om det er formålstenleg å samordne kjøp og eventuell tildeling av einerettar i det enkelte tilfellet. Samordninga må skje innanfor rammene av gjeldande regelverk, mellom anna regelverket om offentlege kjøp. Så vidt eg er kjend med er fleire fylkeskommunar i dialog med helseføretaka om mogleg samordning. Fylkeskommunane må vurdere kva transporttilbodet i fylket skal vere. Dersom marknaden ikkje gjev eit slikt tilbod på kommersielle vilkår, kan fylkeskommunen, på same måte som i kollektivtransporten, gje kompensasjon for å sikre eit betre tilbod. Fylkeskommunane kan gje kompensasjon i form av tilskot eller einerett, innanfor ramane av gjeldande rett og dei vedtekne regelendringane. Det er fylkeskommunen sitt ansvar å foreta samfunnsøkonomiske prioriteringar med grunnlag i tilgjengelege ressursar. Eg forstår det siste spørsmålet slik at ein ønskjer svar på kvifor fylkeskommunane ikkje kan få ansvaret for å forvalte kjøp av drosjetenester knytt til andre styresmakter sine ansvarsområder, til dømes pasienttransport. Ansvaret for ulike tenester er fordelt mellom ulike styresmakter og ulike nivå av styresmakter. Dette har samanheng med det generelle ansvaret til dei ulike styresmaktane. Helseføretaka sitt ansvar for kjøp av pasienttransport heng saman med ansvaret dei har for helsetenester. Dei styresmaktene som har ansvaret for dei ulike områda kan ha heilt ulik inngang til kjøp av transporttenester og kva omsyn som er viktige å ivareta.