Skriftlig spørsmål fra Bjørnar Moxnes (R) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:665 (2019-2020)
Innlevert: 09.01.2020
Sendt: 10.01.2020
Besvart: 17.01.2020 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Bjørnar Moxnes (R)

Spørsmål

Bjørnar Moxnes (R): Bør det vurderes en makspris på ferjer langs fylkesveiene, for å sikre befolkning og verdiskaping på øyene langs kysten?

Begrunnelse

Siden årsskiftet har takstene på flere ferjer rundt i landet gått kraftig opp. Et eksempel er ferjestrekket Sandnessjøen-Dønna, der prisen økte med 40 prosent 1.1.2020. Både i Nordland og Møre og Romsdal har ferjetakstene økt kraftig. Dette er landets største ferjefylker.
Ferjene er en sentral del av infrastrukturen langs kysten i Norge, og gjør at bosetting og verdiskaping er mulig også på små og store øyer langs kysten. Mange er avhengig av ferje for å komme seg til jobb, fritidsaktiviteter, for å få helsehjelp og kunne bruke offentlige tilbud.
Med forvaltningsreformen i 2010 fikk fylkene ansvar for mange veier og ferjer som tidligere var riksvei og riksveiferjer. Siden 2010 har fylkene fått stadig flere oppgaver uten at tilskuddene øker tilsvarende, og de folkevalgte i fylkeskommunene må enten kutte i viktige tjenester eller øke prisene på dem for å få budsjettet til å gå opp.
Riksveiferjene må følge Riksregulativet for ferjetakster, og har dermed en makspris avhengig av hvor langt ferjestrekket er. Det er i dag ingen regulering av hva en ferjebillett kan koste på ferjestrekkene fylkeskommunene har ansvar for.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Ein del av grunngjevinga for forvaltningsreforma i 2010, som overførte ansvaret for ein stor del av riksvegnettet inklusive ferjesambanda frå staten til fylkeskommunane, var at fylkeskommunane sjølve skulle kunna bestemma korleis dei ville prioritera mellom ulike kostnads- og inntektspostar, inklusive takstar på ferjebillettar.
Etter yrkestransportlova fastset fylkeskommunane takstar for sine eigne kollektivtilbod, inklusiv fylkesvegferjer. Takstvedtak om dette kan ikkje klagast til departementet.
Framstegspartiet var imot forvaltingsreforma i 2010. Dette var ei oppgåveoverføring som vart foretatt av ei raudgrøn regjering.
Sidan FrP kom i regjering i 2013, har vi for dei ferjene vi har ansvar for halde tilbake auke i billettprisane for bilistane. I tillegg har vi på fleire ferjesamband styrka tilbodet ytterlegare med å setje inn fleire ferjer i sambanda, og med det betra rutefrekvensen, utan at dette har gitt vesentleg takstauke. Eit døme på dette er ferjesambandet Molde - Vestnes i mitt heimfylke Møre og Romsdal.
Det er på fylkesvegsambanda det no vert foreteke takstaukar både i Nordland og i Møre og Romsdal, men det ser heldigvis ut til at fleirtalet er i ferd med å snu i Nordland.
I utgangspunktet er det eit klart prinsipp at dei som har ansvaret for tenestene også er dei som har fridom til å gjere vedtak om endringar. Det er grunnen til at fylkeskommunane i dag har fridom til å fastsetje eigne takstar. Det er fylkeskommunar med Arbeiderpartiet og Senterpartiet i førarsetet som no gjennomfører dette. Det gjer dei trass vekst i overføringane både til teknologiutvikling knytt til ferjedrifta og betring av ferjenøkkelen i fylkeskommunen sitt inntektssystem.
Det er krevjande for kystbefolkninga, som er heilt avhengige av ferjetenestene, å handtere dei vedtaka som no er gjort i ein del fylke mot FrPs stemmer.
Eg tek den frustrasjonen som folk opplever på stort alvor. Regjeringa har difor arbeidd med å betre fleksibiliteten og rabattane i AutoPASS for ferjer. Dette er ikkje eit avslutta arbeid, tvert om, vi gjer fortløpande vurderingar av ytterlegare utbetringar.
Eg er villig til å gjere fleire tiltak for å reelt sett å få ned kostnadane for alle dei som er avhengige av ferje. Det finst mange måtar å gjere det på. Betre rabattordningar er eit nærliggjande alternativ å vurdere, og sterkare regulering av pris kan være eit anna.
Eg vil sjå nærare på alternative innretningar i mitt vidare arbeid. Det viktigaste vi då kan gjere er å sjå kva som enklast bidreg til å få ned kostnaden for passasjerane.