Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:679 (2019-2020)
Innlevert: 10.01.2020
Sendt: 13.01.2020
Besvart: 17.01.2020 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva er status no på IKT-prosjektet "Grindgut" når det gjeld nytte, kostnader og vidare framdrift?

Begrunnelse

Det er ynskjeleg å få vete kva som er status på prosjektet, kor mykje det har kosta så langt, om det er venta meir kostnader, kven som har dekka rekninga og kva nytte samfunnet har hatt av prosjektet.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Grindgut-prosjektet blei stansa sommaren 2015 og avtala med leverandøren blei heva. I etterkant av hevinga har staten kravd erstatning frå leverandøren, og leverandøren har kravd erstatning frå staten.
Saka gjekk for Oslo tingrett frå 18. mars til 14. juni i 2019, dom i saka er venta i januar.