Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:682 (2019-2020)
Innlevert: 10.01.2020
Sendt: 13.01.2020
Besvart: 17.01.2020 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva tid vil kontrakta for Rogfast bli sendt ut på anbod?

Begrunnelse

Rogfast er stoppa av Vegdirektoratet. Etter det som eg forstår skjedde det med ei eller anna form aksept frå samferdselsministeren. No har prosjektet utarbeida framlegg til kostnadskutt for Rogfast. Det er viktig for både folk og næringsliv i Rogaland og Vestlandet at regjeringa no går frå snakkekraft til handlekraft i saka.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: La meg først seie at Rogfast er eit høgt prioritert prosjekt for regjeringa, og eg er difor oppteken av raskast mulig framdrift.
Eg har registrert at prosjektleiar for Rogfast har uttalt seg til media om dei vurderingane dei hittil har gjort, og at dette kan muliggjere innsparingar i milliardklassa. Korleis dialogen mellom lokal prosjektleiing og Statens vegvesen er gjennomført for dette prosjektet, har eg ikkje kjennskap til. Det er gjennom styringslinjene som går frå Samferdselsdepartementet til Statens vegvesen at departementet vert halde orientert om ulike saker. Eg er med andre ord ikkje orientert om innhaldet i det som er omtala i lokale medier.
Som det går fram av statsbudsjettet for 2020, gjer Statens vegvesen no ein gjennomgang av prosjektet. Etaten opplyser ovanfor Samferdselsdepartementet at dei har valt å leggje dette opp med to gjennomgangar. Det blir gjort eit arbeid internt med kostnadsoptimalisering, samstundes som eksterne konsulentar har fått eit oppdrag. Etaten vil kome med si tilråding til departementet etter dette.
Eg legg til grunn at dette arbeidet har høg prioritet, slik at prosjektet kan realiserast innanfor Stortingets fastsatte rammer. I den samanheng viser eg til mitt svar nr. 571 av 9. januar 2020 til representanten Orten, som syner at prosjektframdrifta på Rogfast er blant dei prosjekta som ville vore skadelidande av Senterpartiet sitt framlegg til statsbudsjett for 2020. Kutta som Senterpartiet foreslår, ville kunne påverka framdrifta i prosjektet negativt. Eg tillet meg difor å sende ei oppmoding om at representanten Pollestad bidreg til å halde Senterpartiets budsjettforslag unna innflytelse dersom ein ynskjer raskast mulig realisering av Rogfast.