Fredric Holen Bjørdal (A): Kan det i dag opnast for å tillate direkte leidningar mellom kraftproduksjon og hydrogenproduksjon som ikkje er knytt til nettet, og viss ikkje, vil statsråden vurdere dette eller tilsvarande ordningar som kan betre økonomien i hydrogenprosjekt?
Begrunnelse
Mange godkjende småkraftverk blir ikkje realiserte, fordi tilkopling til straumnettet blir for dyrt eller kapasiteten er mangelfull. Sintef-forskarar peikar no på at hydrogenproduksjon frå slike kraftverk kan verte lønsamt, slik at kraftverka då likevel kan realiserast. Prosjektet Hellesylt Hydrogen Hub er eit døme på dette, og er no tildelt midlar frå PILOT-E-ordninga med sikte på å kunne produsere hydrogen til bruk i sjø- og vegtransport. Dersom prosjektet må ut på eksisterande straumnett for å føre fram energi til elektrolysestasjonen, vil nettleiga kunne utfordre økonomien i prosjektet. Spørsmålet er aktuelt mange stadar, gjeld ikkje berre nye småkraftprosjekt, men òg eksisterande verk i område med høge tap i nettet. Spørsmålet er då om ei direkte linje med lågare nettleige kan avhjelpe situasjonen i det offentlege nettet og vere til nytte for annan kraftproduksjon i området. Eg ber statsråden vurdere om dette kan vere ein eigna måte å utløyse nye kraftverk, redusere straumtap i nettet for eksisterande verk og gje meir kostnadseffektivt drivstoff til fornybar transport på sjø og veg.