Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:728 (2019-2020)
Innlevert: 17.01.2020
Sendt: 20.01.2020
Besvart: 29.01.2020 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Hvis AutoPass på ferjer fører til for høge kostnader og stor økonomisk belastning for mange, kvifor innfører da staten denne ordninga sjølv medan statsministeren har vist til at fylka må gjera eigne vurderingar for eller mot innføring?

Begrunnelse

Eg oppfattar det slik at statsminister Solberg har sagt at fylka står fritt til å innføre autopass, men at ho er klar over at autopass gir ein annan betalingsstruktur og høgare kostnader for somme. Ho seier òg at fylka ikkje berre må sjå på kva staten gjer. Dersom målet er einheitlege ordningar for dei reisande uansett om dei reiser med fylkesvegferjer eller riksvegferjer, er det dette også vanskeleg å forstå.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: AutoPASS for ferje blei innført frå 2019, og erstattar det tidlegare ferjebilletteringssamarbeidet med verdikort og storbrukarkort. På ferjene betaler ein via AutoPASS-brikke, AutoPASS-ferjekort eller kontant. For å oppnå rabatt må det opprettast ein AutoPASS-ferjekonto, med innbetaling av eit forskott. For brikkesamband gjeld AutoPASS-regulativ for ferjetakstar, og for dei andre sambanda gjeld Riksregulativ for ferjetakstar.
AutoPASS-regulativet for ferjetakstar blei utvikla i åra 2013 – 2015, etter ei høyring der også fylka deltok.
Etter AutoPASS-regulativet for ferjetakstar betaler ikkje passasjerane billett (i motsetnad til etter Riksregulativet for ferjetakstar). Regulativet blei utvikla med krav om at det skulle vere provenynøytralt, dvs. at kostnadsnivået for dei reisande totalt sett skulle vere uendra samla sett for trafikantane etter omlegginga. Dette blei løyst ved å auke prisane for køyretøy på ein måte som stod i samsvar med talet på passasjerar som var knytt til dei ulike takstgruppene. Utslaget i påslag var størst for liten personbil, og det har vekt ein del reaksjonar frå dei som køyrer åleine. Allereie med ein passasjer i bilen er overgangen til AutoPASS-regulativ for ferjetakst lønnsam for kunden jamført med Riksregulativet for ferjetakstar. Denne omlegginga blei vurdert til å ha ein positiv effekt for familiar, og ein positiv miljøeffekt då det løner seg at fleire køyrer saman. Samtidig har den ein negativ effekt for nokre grupper innan næringslivet.
Ved overgangen frå Riksregulativ for ferjetakstar til AutoPASS-regulativ for ferjetakstar blir også dei lengste lengdeintervalla i takstgruppene endra for å fange opp utviklinga av lengde i køyretøyflåten. Dette fører stort sett til at fleire store køyretøy blir takserte i ei lågare klasse enn tidlegare.
AutoPASS-regulativet blei første gang tatt i bruk 1. januar 2016 på riksvegferjesambanda Mannheller - Fodnes og Vangsnes - Hella – Dragsvik i dåverande Sogn og Fjordane fylke. Per dags dato brukar 10 riksveg- og 18 fylkesvegferjesamband AutoPASS-regulativet.
Målet med innføringa av AutoPASS som betalingsmiddel på ferjene er, slik det er skrive i NTP 2014-2023, å skape forenkling for trafikantar og dei som jobbar om bord i ferjene. Tilbakemeldingar frå trafikantane tyder på at misnøya i første rekkje rettar seg mot auka pris for å køyre åleine i bil, medan automatisk billettering og nettbasert fakturering i all hovudsak vert motteke positivt. Automatisk billettering vil også vere med å effektivisere billetteringa på ferjesamband med mykje trafikk.
Dei prinsipielle forholda ved innføringa av AutoPASS på ferjene blei handsama politisk i fylkeskommunane i 2014/2015, og seinare ved handsaming av dei enkelte ferjekontraktane der bruk av AutoPASS blei foreslått tatt i bruk.