Skriftlig spørsmål fra Nils Kristen Sandtrøen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:743 (2019-2020)
Innlevert: 22.01.2020
Sendt: 22.01.2020
Besvart: 29.01.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Nils Kristen Sandtrøen (A)

Spørsmål

Nils Kristen Sandtrøen (A): Kan regjeringen garantere at pengene som er satt av i statsbudsjettet for tilrettelagt transport for blinde, svaksynte og rullestolbrukere i Innlandet blir utbetalt dersom fylkeskommunen søker?

Begrunnelse

Muligheten for å kunne transportere seg fritt rundt er viktig for oss alle. Tilrettelagt transport, også kalt TT-ordningen, er viktig for mange personer i Innlandet som er avhengige av transport med drosje for å kunne treffe venner og familie, for å være med på aktiviteter og møter og for å delta i samfunnet slik man ønsker.
Blant annet Blindeforbundet er opptatt av at folk som trenger tilrettelagt transport, får vite om det blir mer penger på TT-kortene dersom fylkeskommunen søker.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Representanten peiker her på ei av utfordringane med den utvida TT-ordninga slik ho er organisert i dag, som ei tilskotsordning der staten tildeler midlar til fylkeskommunane etter søknad for kvart år. Regjeringa legg opp til at den utvida TT-ordninga vert innlemma i rammetilskotet til fylkeskommunane når ho er blitt finansiert som ei nasjonal ordning, i tråd med Meld. St. 6 (2018–2019) Oppgaver til nye regioner. Når fylkeskommunane kan styre midlane direkte, vil dei kunne tildele eigne midlar direkte til brukarane frå nyttår, utan å måtte vente på statleg sakshandsaming. Samstundes vil administrative ressursar i både stat og fylke bli spart.

Når det gjeld den konkrete saka i Innlandet, har mitt departement allereie vore i kontakt med Blindeforbundet om dette. I retningslinene for den utvida TT-ordninga står det at fylkeskommunar som er tildelt midlar tidlegare, vil bli prioritert dersom tilfredsstillande rapportering er motteken, for å unngå at nokon brukarar mister sitt utvida tilbod. Dette er gjenteke i brevet der fylkeskommunane er invitert til å søkje om midlar for 2020. Det framgår vidare av budsjetthandsaminga i Stortinget at midlar til dette er løyva. Det er med andre ord gode grunnar for at fylkeskommunane kan forskottere dei midlane dei søkjer om, men som dei pga. rapportering, søknad og sakshandsaming ikkje vil få før eit stykke ut i det nye året.

Dersom eg skulle garantere at midlane vert utbetalt, vil det måtte tyde at eg ikkje vil ta omsyn til det fylkeskommunane rapporterer eller skriv i søknadane sine. Det vil og måtte tyde at eg ikkje har nokon form for kontroll med midlane som vert løyva i denne tilskotsordninga. Eg legg vekt på at midlane Stortinget har løyva blir tildelt på grunnlag av rapportering på tidlegare tildelte midlar og på søknadar, og at søknadane blir handsama i tråd med retningsliner for denne ordninga og god forvaltingsskikk.